For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Atle Helland

Kompetanse

Kompetanse.jpg Kompetanse

Næringsstrukturen i Sunnhordland er variert, og difor er det eit stort behov for ulik kompetanseheving og fornying av kompetanse på mange område.

 

Med auka internasjonalisering ser ein at dette behovet har auka og vil halda fram i åra som kjem, både innanfor landbasert industri, offshore, marin sektor, pleie og omsorg, privat og offentleg tenesteyting handel og offentleg forvaltning.




tilbod om vidareutdanning i regionen

Det er svært viktig at det vert lagt til rette for at mest mogleg av kompetansehevinga vert gitt i regionen gjennom eit godt tilrettelagt vidareutdanningstilbod.

 

Plan for vidaregåande skulestruktur i Sunnhordland

Det skal utarbeidast ein plan for vidaregåande skulestruktur i Sunnhordland. Målet er at denne skal vera klar ved utgangen av 2018.

 

Konferanse/TEMADAG om vidaregåande skulestruktur i Sunnhordland

Konferansen vert arrangert 28 september på Høgskulen på Rommetveit. Konferansen skal ha fokus på kva vg. skular og kva linjer regionen har behov for i framtida og kvifor det er viktig oppretthalde dei vg skulane i regionen.

Målgruppa for konferansen vil vera næringsråd, næringsliv, vg. skular, fylkespolitikarar, kommunepolitikarar og andre.

Programmet vert lagt ut så snart det er klart.

 

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet skal vera ein viktig aktør for innovasjon og framtidig verdiskaping på Vestlandet, som utviklar utdanningane og profesjonane med mål om å bidra til berekraftig utvikling og sjå utdannings- og kompetansebehova i vestlandsregionen under eitt. Ambisjonen er å vidareutvikle studiestadene tett på studentar og arbeidsliv slik at den regionale utviklingsrolla vert teken betre vare på. Høgskulen på Vestlandet skal ta utgangspunkt i og byggje vidare på hovudtrekk ved vestlandsk kultur, næring og tradisjonar. Samfunnsliv, næringsliv og offentleg sektor skal ha tilgang på relevant, internasjonal og framtidsretta kunnskap som bidreg til regional utvikling og innovasjon. 

Høgskulen skal målast på om dei klare å vidareutvikla studiestadane tett på studentar og arbeidsliv slik at den regionale utviklingsrolla vert teken betre vare på. Samarbeidsrådet er ein regional utviklingsaktør, og kan ved eit tettare samarbeid med den lokale studiestaden vera med på å legge til rette for at HVL når sine mål og dermed også utvikle den kompetansen regionen til ei kvar tid treng.

 

Her er link til etter og vidareutdanning ved Høgskulen på Vestlandet

Kontaktperson

tora1.jpg
Tora Haslum Myklebust
Dagleg leiar

Våre prosjekt

Nyhende

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler og ved å fortsette på nettstedet aksepterer du dette. Les vår personvernserklæring
Det er ok!