For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Ranveig M. Nesse

Bulyst

1410877_537270046356710_969859037_o.jpg Attraktiv buregion

Omdømmebygging av Sunnhordland er eit langsiktig arbeid for å styrkja regionen som bu- og arbeidsregion.

 

Samarbeidsrådet for Sunnhordland er ein aktiv pådrivar for rekruttering av nye innbyggjarar og arbeidstakarar til Sunnhordland. Regionen har mykje bra å tilby, men desse kvalitetane er ikkje godt nok kjende. Saman med næringsliv og andre offentlege aktørar har Samarbeidsrådet difor sett i verk eit eige omdømme- og rekrutteringsprosjekt.




Auka kjennskapen til regionen

Eit viktig verktøy i dette arbeidet er mellom anna nettportalen http://www.buisunnhordland.no/        I tillegg arrangerer Samarbeidsrådet Sunnhordlandstreff i og utanfor regionen, deltek på messer og andre arrangement.

 

I 2013 vart det også satsa stort på eigen film om regionen, som du finn her - i tillegg til på vår framside. Det er også oppretta eit eige samfunn på Facebook som heiter "Bu i Sunnhordland".

 

For å lukkast med omdømmebygginga er det heilt essensielt at flest mogleg vert med på laget som gode sunnhordlandsambassadørar. Regionen har nærare 65.000 innbyggjarar. Alle desse, saman med næringslivet, er viktige ambassadørar.

 

Samarbeidsrådet inviterer også næringslivet med, slik at dei kan verta økonomiske støttespelarar i omdømmearbeidet.

 

Hovudmålet for prosjektet er å medverka til at Sunnhordland vert oppfatta som ein attraktiv bu- og arbeidsregion for arbeidstakarar, og å gjera det enklare for enkeltverksemdene i regionen å rekruttera arbeidskraft nasjonalt og internasjonalt.

 

Medlemmer

ABB

Baker Hughes

Aker Solutions

Leirvik AS

Bremnes Seashore

BDO

Helse Fonna

Høgskulen på Vestlandet

iTeam

NCE Maritime CleanTech

EY Skye

Opero

SKL

Wärtsilä

Zenit Engineering

Austevoll kommune

Bømlo kommune

Etne kommune

Fitjar kommune

Kvinnherad kommune

Stord kommune

Sveio kommune

Tysnes kommune

 

Styringsgruppa

  • Tora Haslum Myklebust, dagleg leiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland
  • Birte Nilsen, dagleg leiar i Opero
  • Gaute Lund, IT-konsulent i iDrift
  • Linda Øen, direktør Sunnhordland Museum
  • Kjerstin Onarheim Håvardsholm, senior advisor HR & Information i Leirvik AS
  • Vanja Espeland, personalsjef Bømlo kommune
  • Odd Naustdal, kommunikasjonssjef i Aker Solutions
  • Siri Rusten, konsulent Kvinnherad kommune
  • Rikke Emilie Backer Jæger, HR-rådgjevar Høgskulen på Vestlandet
  • Anne Marie Meling, Group HR manager Bremnes Seashore

 Foto Nina J.H. Matre: © Henriette Lien

Kontaktperson

Nina_H_Matre_Fotograf_Henriette_Lien.jpg
Nina J. H. Matre
Prosjektleiar Bu i Sunnhordland

Nyhende

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler og ved å fortsette på nettstedet aksepterer du dette. Les vår personvernserklæring
Det er ok!