For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Regionalt etablerarfond i Sunnhordland

Etablerarfondet

MERK!

VESTLAND FYLKESKOMMMUNE HAR IKKJE LØYVD MIDLAR TIL REGIONALT ETABLERARFOND FOR 2022!

 

Hordaland fylkeskommune oppretta ordninga med tre regionale etablerarfond i 2015. Etablerarfondet i Sunnhordland er det Samarbeidsrådet som har vore forvaltar for. Etter samanslåinga til Vestland fylkeskommune, har det frå 2021 ikkje vore løyvd midlar til regionalt etablerarfond for Sunnhordland.

 




korleis søkjer eg?

Alle søknadar skal sendast digitalt. Dersom du har organisasjonsnummer skal du registrere deg som organisasjon. Om ikkje skal du registrera deg som privat. Lenkje til sida: www.regionalforvaltning.no

Ta kontakt med Samarbeidsrådet for meir informasjon og rettleiing:

 

Samarbeidsrådet for Sunnhordland IKS

Telefon: 97 77 59 50

E-post: firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no

 

Krav til søknader og prioriteringskriterier:

Søknaden må tilfredsstilla nokre krav kor dei viktigaste er:

  1. Prosjekt eller tiltak som det vert søkt om midlar til må vere forankra i ein eller fleire av kommunane i den regionen det vert søkt om tilskot i. Prosjektet skal ha god kvalitet, søkjar skal ha god gjennomføringsevne og verksemda som vert etablert bør innehalda minst eitt årsverk.
  2. Målgruppe for dei regionale etablerarfonda er ny-etablerte verksemder som er etablert det året det vert søkt om midlar, eller prosjekt som vil føre til etablering av ei verksemd i etterkant av søknaden. Enkeltpersonforetak reknast også som verksemd i denne samanhengen.
  3. Midlane skal tildelast som tilskot på inntil 50.000 kroner til etablerarar og ny næringsverksemd som fell utanfor Innovasjon Noreg si ordning med «etablerartilskot til gründerbedrifter med vekstambisjonar og ein forretningsidé som representerer noko vesentleg nytt i marknaden» Tilskotet vert gitt innanfor rammene av bagatellmessig støtte.
  4. Tilskot frå etablerarfondet skal bidra til gjennomføring av naudsynte tiltak i tidleg oppstartsfase, og gje gründaren kompetanse om marknad og økonomi. Aktuelle aktiviteter kan vera: Kundeundersøkingar, brukarstudiar og anna kartlegging for å få meir brukarinnsikt, testing og vidareutvikling av forretningsidé, kostnader knytt til nettverksbygging og styrking av kompetanse innan forretningsutvikling.

 

Forvaltninga og verkemiddelbruken skal vera i tråd med «Forskrift for distrikts- og regionalpolitiske verkemidlar av 1. januar 2014». For regionale etablerarfond betyr dette at det kan gjevast tilskot til enkeltbedrifter og etablerarar. Midlane kan ikkje brukast til:

  1. a) Drift av næringsverksemd eller organisasjonar
  2. b) Kausjon eller annen økonomisk garanti
  3. c) Direkte eller indirekte investeringar i verksemder sin eigenkapital
  4. d) Renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt

 

Slik søkjer du

Søknadar skal sendast inn elektronisk gjennom www.regionalforvaltning.no og skal innehalde:

  • Ein omtale av tiltaket det søkast om tilskot til, inkludert målsettingar for tiltaket og relevans for formålet med tilskotsordninga.
  • Plan for gjennomføring, inkludert aktivitetar, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar.
  • Forventa resultat.
  • Budsjett for prosjektet/tiltaket med finansieringsplan.
  • Søknadssum.
  • Andre relevante opplysningar søkaren meiner er viktige for søknaden og andre opplysningar som er spesifisert i kunngjøringa.

Søkjaren skal opplyse til tilskotsforvaltar om verksemda har søkt om, eller mottatt, offentleg støtte frå andre verkemiddelaktørar, inkludert spesifikasjon av bagatellmessig støtte. Når tiltaket/prosjektet er gjennomført skal tilskotsmottakar levera ei kort rapport med dokumentasjon på kostnadene.

 

Kostnadar med eige arbeid kan inngå som kostnad. I den samanheng vert eigar og ektefelle sin arbeidsinnsats godkjent med masimalt 350 kr pr. time og maksimalt 1850 timar pr. år. Dokumentasjon med timelister skal leggast ved sluttrapport.

 

Søknadsfrist

Søknader vert handsama fortløpande. Vurderinga av søknadene vert gjort administrativt, og det vert lagt opp til rask sakshandsaming (innan 1 mnd frå motteken søknad). Svaret på søknaden vert gjeve som skriftleg tilsegn/avslag.

 

Kven kan søkje?

Bedrifter/etablerarar i kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes kan søkje om midlar.

 

MOTTEKE TILSEGN 2020

  Namn Kommune Sum
1 Comino AS Stord 50 000
2 Yoga Austevoll Austevoll 40 000
3 Ørjan Johannessen Austevoll 50 000
4 Madelaine B. Agdestein Stord 35 000 
5 Nina J. Matre Sveio 30 000
6 Bakstehuset på Spissøy AS Bømlo  50 000
7 Tor Harald Bringedal / Valhall løftebukk Kvinnherad 50 000
8 Tysnes Hjortefarm Tysnes 50 000
9 Bifrost Tug AS Stord 50 000
10 Norwegian Fjord Cruises Tysnes 50 000
11 Panter AS Bømlo 39 000

 

Motteke tilsegn 2019

  Namn Kommune Sum
1 Andre Ernst Grønås Sveio 50 000
2 Stjerneklar AS Bømlo 50 000
3 Digifact AS Austevoll 50 000
4 Oceonig Labs AS Austevoll 50 000
5 Preg Design As Stord 35 000
6 Future Energy Solutions AS Stord 50 000
7 Ocean Cleaning AS Stord 50 000
8 Alltec Services AS Stord 50 000
9 Nina Johanne Haara Matre Sveio 50 000
10 Sindre Larsen Bømlo 50 000
11 North Coast Calcium AS Bømlo 50 000

 

Motteke tilsegn 2018

 

   Namn Kommune Sum
1 Ufosoft AS Kvinnherad 50 000
2 Hiernagla Brenneri AS Sveio 50 000
3 Stord Folkehøgskule AS Stord 50 000
4 Kystguiden AS Bømlo 50 000
5 FoodOp Bømlo 50 000
FitnessInvest  Stord 50 000
7 Elin Meland Tysnes 30 000
8 Kari Svanberg Bømlo 50 000
9 Jonny Gausel Bømlo 40 000
10 Huug Home Stord 50 000
11 Anette Rasmussen Lønnheim Stord 50 000
12 Harmoni Familiepark Tysnes 40 000
13 Huldrafjell AS Stord 50 000
14 ManaCon Bømlo 50 000
15 Malin Langøy Aarbø Stord 50 000
16 Inakva AS Etne 50 000
17 Margareth Ottesen Mjønes Stord 50 000

 

Motteke tilsegn i 2017

  NAMN KOMMUNE SUM
1 Ivyelli AS Tysnes 50 000
2 Stord24 Stord 35 000
3 SvingenPuls Shop AS Tysnes 30 000
4 Bærpålegg AS Fitjar 50 000
5 Clear Ocean Bømlo 50 000
6 Rosendal Microbryggeri ANS Kvinnherad 50 000
7 Ørjan Johansen Kvinnherad 50 000
8 Sindre Larsen Bømlo 40 000
9 Funkworks AS Stord 50 000
10 Iris Gudmundsdottir Stord 20 000
11 Reckon AS Austevoll 50 000
12 Invest5437 Bømlo 50 000
13 Andre Ernst Grønås Sveio 50 000
14 Rosendal Event Kvinnherad 30 000
15 Ronny Pedersen Bømlo 40 000
16 Himmelhyttene Stord 50 000
17 Haugland Control Systems AS Austevoll 25 000
18 Privat Omsorg Sunnhordland Kvinnherad 25 000

 

 

Prosjektet tilhøyrer:

Kontaktperson

Anne Almås Tranøy
Anne Almås Tranøy
Controller / rådgjevar

Nyhende

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler og ved å fortsette på nettstedet aksepterer du dette. Les vår personvernserklæring
Det er ok!