For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Ranveig M. Nesse

Interkommunal strandsoneplan

1529741_603380206412360_1750519825_o.jpg Strandsone prosjekt

Hovudføremålet med planarbeidet er å utarbeida ein felles interkommunal plan for strandsona i Sunnhordlandskommunane og Fusa kommune.

 

Den interkommunale planen skal vera det overordna styrande plandokumentet for all arealbruk og forvaltning av areal i strandsona til dei deltakande kommunane. Planen skal visa arealformål og omsynssoner for bruk og vern av areal i strandsona.

 

Forslag til fellesrapport for Interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland og Fusa var på høyring i 2015. Fylkesmannen i Hordaland kom med motsegn særleg knytt til felles føresegner.

 

Ei arbeidsgruppe samansett av prosjektleiar Tore Bjelland, tidlegare rådmann i Fitjar kommune Atle Tornes og dagleg leiar Gro Jensen Gjerde har arbeidd vidare med føresegnene og har prøvd å harmonisere desse opp i mot vedteken Regional plan for kystsona i Sunnhordland og ytre Hardanger.

 

Då planen var på høyring i 2015 gav fleire tilbakemelding på at planen var for omfattande. I staden for å skriva om planen, har arbeidsgruppa flytta deler av planen til vedlegg.

 

I møte 25 mai 2018 vart det vedteke å sende plan med felles føresegner til kommunane for innspel innan 30 september, før planen går til samordna høyring etter pbl § 11-14.

Når planen går til samordna høyring vil dokumenta verta lagt ut på nettsida.

 




KORT OM Planarbeidet

Planarbeidet vert gjennomført på kommuneplannivå som kommunedelplan etter kapittel 11 i Plan- og bygningslova, og omfattar i hovudsak 100-metersbeltet langs sjøen og 50m ut i sjø frå strandlina.

Kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio, Tysnes og Fusa er med i plansamarbeidet.

 

Planen inneheld dei tema/ føremål som er naturleg å ta opp for ein arealplan som omfattar strandsona på eit kommunalt overordna nivå. Det vil her vera særleg aktuelt å sjå på tema som er felles for kommunane når det gjeld bruk og vern av areal i strandsona.

Det er difor gjort registreringar og vurderingar i tilknytning til følgjande tema:

 

  • Friluftsområde, regionale og lokale              
  • Område med spesielle natur- og landskapskvalitetar
  • Sikring av større, viktige frilufts- og landskapsområde
  • Kulturminneområde, kystkultur m.m.
  • Område for næringsutvikling, hamneanlegg, reiselivsanlegg                      
  • Felles båthamner/bryggeanlegg, naustområde, fellesnaust
  • Bustadområde og område for fritidsbustader
  • Fortettingsområde

Planarbeidet har vore gjennomført i nært samarbeid med Fylkesmannen i Hordaland og Hordaland fylkeskommune, særleg har det vore omfattande drøftingar når det gjeld utarbeiding av mal for felles føresegner. Kommunane har ut frå eit perspektiv om lokalt sjølvstyre lagt vekt på å få fram det handlingsrommet som kommunane har innan for dagens planlovverk til å fastsetja ei lokalt tilpassa, balansert og differensiert forvaltning og utvikling av strandsona.   Del to i planarbeidet som omfattar kommunedelplanane, vert utarbeidd av den einskilde kommune og vert den juridiske bindande delen av den interkommunale planen. Desse planane som omfattar konkrete forslag til arealutnytting, og som byggjer på føringar og retningsliner i fellesrapporten, vil kommunane senda på høyring seinare.

 

 

statuskartlegging i 100-metersbeltet

Austevoll kommune

Bømlo kommune
Etne kommune
Fitjar kommune
Kvinnherad kommune
Stord kommune
Sveio kommune
Tysnes kommune

Nyhende

Nettside fra Digitalbyrået Arego
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler og ved å fortsette på nettstedet aksepterer du dette. Les vår personvernserklæring
Det er ok!