For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Geopark Sunnhordland

IMG_0075.jpg Geopark Sunnhordland

LEIAR 100% stilling

Brynjar Stautland er tilsett som leiar i 100% stilling i Geopark Sunnhordland.

Stautland har kontorstad i hovudportalen til Geopark Sunnhordland som er i Moster Amfi.

 

 

NORSK STATUS TIL GEOPARK SUNNHORDLAND 

Våren 2018 vart det sendt søknad om opptak i nettverket Norske Geoparker.I slutten av oktober 2018 fekk Samarbeidsrådet melding om at Geopark Sunnhordland har fått norsk status.

 

Målet er å:

  • Auka omsetnaden innan bærekraftig reiseliv
  • Auka lokal kunnskap om landskapet me lever i
  • Auka kunnskapen om geologi-kultur-identitet
  • Bidra til folkehelse-ambisjonane

 




Bakgrunn

Sunnhordland er ein mangfaldig region og har ein spanande unik historie knytt til geologi. Det er dei siste åra gjort ein innsats for å tilretteleggja og formidla denne historia, men det er framleis mykje å gripa fatt i.

 

Sunnhordland byr på ein svært variert geologi, grundig omtalt i ei lang rekke geologiske publikasjonar frå 1880-talet og fram til i dag. Vurderinga av muligheten for ein geopark i Sunnhordland vart bestilt av styret i Samarbeidsrådet i Sunnhordland som resultat av etableringa av Rosendal Steinpark og Steinriket Bømlo. Det er mange fellestrekk i geologien i Sunnhordlands-kommunane, spesielt på nordsida av Hardangerfjorden, og det kan nemnast at det eldste mineralet som er funne i Noreg (zirkon 3,9 mrd år), er funne på Bømlo.

 

I ein workshop på Bømlo våren 2017 var det geologiske grunnlaget for ein geopark i Sunnhordland oppe til profesjonell vurdering. Forumet var samansett av geologar og ein arkeolog med spesiell kjennskap til Sunnhordland. Konklusjonen var at det geologiske grunnlaget er tilstades dersom ein ser det i samanheng med kulturhistoria i området. I profesjons- utsegna er dette formulert slik:  

Sitat:

  • Heldal konkluderte med at mulighetene for en geopark i Sunnhordland var til stede, særlig basert på samspillet mellom øybuegeologi, arkeologi og ressursutnyttelse i form av gruver og steinbrudd. Han fremholdt imidlertid at geoparkområdet bare burde inkludere kommunene som lå innenfor øybuegeologien (Austevoll, Tysnes, Fitjar, Stord, Bømlo og delvis Kvinnherad).
  • Det er vanskelig på det nåværende stadium å vurdere mulighetene for UNESCO status, det kreves en grundigere gjennomgang og ikke minst dokumentasjon av det vitenskapelige grunnlaget, både arkeologisk og geologisk. Tom Heldal foreslo derfor å starte med å arbeide for status som Norsk geopark – og kanskje på sikt strekke seg mot UNESCO – status
  • De tilstedeværende geologer og arkeolog sluttet seg i stor grad til Heldals konklusjoner. En av geologene mente det kunne vurderes å begrense geoparkens område til bare å omfatte Bømlo, resten mente at alle øybuekommunene burde inkluderes.»

organisering

I perioden januar 2017 – september 2017 gjennomførte Samarbeidsrådet eit prosjekt som blant anna skulle sjå på organisering og drift av ein geopark. Det vart gjort analysar av ulike modellar for organisering. Dette var AS, IKS, Stifting og klyngemodellen. Geopark Sunnhordland var organisert som ei klynge, med utgangspunkt i fem sentrale aktørar:

 

 Frå oktober 2021 vart Geopark Sunnhordland stifta som eit aksjeselskap.

Prosjektet tilhøyrer:

Kontaktperson

Brynjar Stautland
Brynjar Stautland
Dagleg leiar Geopark Sunnhordland

Nyhende

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler og ved å fortsette på nettstedet aksepterer du dette. Les vår personvernserklæring
Det er ok!