
Realisering av ferjefri kyststamveg E39 har vore og er ei sentral arbeidsoppgåve for Samarbeidsrådet for Sunnhordland.
Det var difor ein milepæl då Samferdsleministeren 20. desember 2013 kunngjorde at regjeringa hadde bede Statens vegvesen arbeida vidare med midtre trase, med bru over Bjørnefjorden.
Statens vegvesen sendte i november 2016 statleg kommunedelplan med konsekvensutgreiing E39 Stord-Os på høyring.
I uttalen har Samarbeidsrådet for Sunnhordland lagt vekt på at det viktigaste for regionen er å få ferjefri kyststamveg realisert. Heile uttalen kan du lese her.
I februar 2019 gav Samarbeidsrådet ein tilleggsuttale til kommunedelplan E39 Stord-Os, der ein peika på at det er små skilnader mellom alternativ B og F i høve til pris og ikkje prissette konsekvensar. For Samarbeidsrådet er det viktig å peika på at alternativ F, med sørleg kryssing av Langenuen, gjev dei beste lokale og regionale effektane. Heile uttalen kan du lese her.
Her kan du lese Samarbeidsrådet sin uttale til NTP 2022-2033.
Overordna mål
Få realisert/oppstart av ferjefri kyststamveg mellom Aksdal-Os i første fireårsperiode av NTP 2022-2033.
Sikra finansiering av arbeidet med E39 Stord-Os.
Delmål
- Avkorta reisetida mellom Stord og Kvinnherad, med fokus på tilknyting til E39
- Planmidlar E39 Heiane-Ådland
Foto: Toralv Brekke. Ferjetur frå Sandvikvåg til Halhjem.