For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Visit Sunnhordland på NTW

IMG_4372.jpg

Visit Sunnhordland er deltakar på NTW, Norwegian Travel Workshop. Det er den største reiselivsmessa i Norge og ifølge Visit Norway, den viktigaste.

Visit Sunnhordland er representert av Anne Synnøve Lønne og Bodil Haga. To dagar er satt av til møte med utanlandske turoperatører. I alt foregår det 8800 møter fordelt på desse dagane for heile reiselivsnæringa. Systemet fungerar med innbooka møter som blir gjennomført på 15 minutt.

Sunnhordland er eit «uoppdaga» marked for nokre nasjonar, mens andre har allereie gode kunnskap om oss. I løpet av desse dagane er det gjennomført eit tettpakka program med gode og produktive møter i Sparebanken Møre Arena, Ålesund. Kultur, historie, mat- og naturopplevingar er viktig for våre møtepartnarar frå blant anna Danmark, Tyskland, Sverige, Norge og Brasil. Felles for alle nasjonane er deira begeistring for vår flotte region!

Viktig for årets NTW er bærekraft. Dette harmonerar med Visit Sunnhordland sitt arbeid om å bli sertifisert som bærekraftig reisemål.


Nettside fra Digitalbyrået Arego
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler og ved å fortsette på nettstedet aksepterer du dette. Les vår personvernserklæring
Det er ok!