For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Sunnhordland som eit berekraftig reisemål

FN bærekraftmål.jpg

Arbeidet for å kvalifisera Sunnhordland som eit berekraftig reisemål er godt i gong.

 

Merkeordninga for berekraftig reisemål vart etablert i 2013 og det er 36 destinasjonar og 100 kommunar som no arbeider med berekraftig reisemålsutvikling. 15 av dei har fått merket. I Hordaland er det Voss og Sunnhordland er i gong.

 

Arbeidet er omfattande og krev lokalt engasjement i eit langt perspektiv. Det er utarbeidd Standard for berekraftig reisemål med tilsaman 104 indikatorarar og kriteriar som må svarast på. Utanom reiselivsbedriftene er kommunane viktige partnarar i arbeidet.

 

I arbeidet med handlingsplan for berekraftig reisemålsutvikling er tilbakemeldinga frå prosessleiar Anne-Dorte Carlson at Sunnhordland allereie er godt i gang og at mange av utviklingsprosjekta som Visit Sunnhordland arbeider med er berekraftige.

 

På reiselivsmessa NTW i Ålesund er tilbakemeldingane at fleire og fleire turoperatørar etterspør og krev at destinasjonane arbeider for berekraftig utvikling.


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler og ved å fortsette på nettstedet aksepterer du dette. Les vår personvernserklæring
Det er ok!