For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Skifte av styreleiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland

metteheidibergsvågekrheim.jpg

"Det skjer mykje spanande i regionen, og eg vil fortsetja arbeidet som Samarbeidsrådet med styreleiar Morten Storebø og dagleg leiar Tora Haslum Myklebust i spissen har gjort for at Sunnhordland skal vera ein viktig region i den utviklinga som skjer på Vestlandet", seier Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim.

 

Samarbeidsrådet for Sunnhordland er regionrådet for dei åtte sunnhordlandskommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.

 

"Samarbeidsrådet samordnar ei rekke saker og oppgåver mellom kommunane og er den viktigaste pådrivaren me har for å fremja Sunnhordland sine felles interesser. Ikkje minst gjeld dette i samferdslesaker og næringsarbeid", seier Bergsvåg Ekrheim.

 

Vervet som styreleiar går på rotasjon mellom ordførarane i Sunnhordland og styreleiarane sit i to år. Førre etnebu som var styreleiar var Amund Enge som sat frå 2005 til 2007. Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim har vore nestleiar i regionrådet sidan hausten 2019 og overtar no styrevervet etter ordførar Morten Storebø frå Austevoll.

 

Linn Therese Erve, som er ordførar i Sveio, er valt til ny nestleiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland. 

 

Her kan du sjå alle som har vore styreleiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland sidan starten for 40 år sidan. https://www.samarbeidsraadet-sunnhordland.no/om-oss


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler og ved å fortsette på nettstedet aksepterer du dette. Les vår personvernserklæring
Det er ok!