For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Samarbeidsrådet ønskjer nytt fengsel på Vestlandet lagt til Sveio

Samarbeidsrådet gjorde i møte 22. juni samrøystes vedtak om at nytt fengsel på Vestlandet bør lokaliserast til Sveio og oppmoda Haugaland Vekst regionråd om å støtte vedtaket.

 

Vedtaket frå Samarbeidsrådet:

  1. Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner at det føreligg god og grundig dokumentasjon på at Haugesund fengsel må erstattast med eit nytt høgrisiko fengsel i regionen.
  2. Samarbeidsrådet for Sunnhordland tilrår at nytt høgrisikofengsel for Vestlandet skal lokaliserast i Sveio kommune.
  3. Sandeid fengsel må få rammer til å vidareutvikla seg som eit lågrisikofengsel.
  4. Samarbeidsrådet for Sunnhordland ønsker godt samarbeid med Haugaland vekst for å sikre eksisterande og nye arbeidsplassar.
  5. Samarbeidsrådet for Sunnhordland oppmodar Haugaland vekst regionråd om å støtte dette vedtaket. 

 

Dei viktigaste argumenta for å velge Haugesund/Sunnhordland-regionen først og som ein del av

utbygginga på Vestlandet er:

 

  • Haugesund/Sunnhordland-regionen har størst behov for plassar med høgt sikkerheitsnivå, 91 plasser i 2014
  • Haugesund/Sunnhordland-regionen mangler mest plassar (73) på Vestlandet, dvs. en faktor på 46 plasser pr. 100.000 innbyggjarar, erstatningsplassar (18) ikkje medrekna
  • Ålesund-regionen har nest størst behov med 82 plassar som gir same faktor med 46 plassar pr. 100.000 innbyggere i 2014, erstatningsplassar (27) ikkje medrekna
  • Resten av Vestlandet manglar kun 7 plassar pr. 100.000 innbyggjarar, totalt 72 plassar fordelt mellom Stavanger, Bergen, Sogn og Fjordane og Nordmøre/Romsdal
  • Akutte behov for rehabilitering ved Haugesund fengsel kan sparast, ved å prioritera Haugaland/Sunnhordland-regionen
  • Dei nye lokaliseringsalternativa har rimeleg kort avstand til flyplassen som gjer det mogleg å etablere spesialiserte funksjoner kor flytransport av fanger vil skje i større omfang
  • Haugaland/Sunnhordland-regionen har arbeidd og venta lenge (> 10 år) på eit nytt fengsel i regionen
  • Regionen er også i vekst som gir eit auka behov på Haugalandet/Sunnhordland med 10 plassar fram til 2040
  • Eit nytt fengsel med høg sikkerheit i Haugaland/Sunnhordland-regionen gir også moglegheiten å sjå samarbeidet/vekselvirkning mellom høgt og lågt nivå internt i regionen ved vidare drift av Sandeid i samme skala

Nettside fra Digitalbyrået Arego
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler og ved å fortsette på nettstedet aksepterer du dette. Les vår personvernserklæring
Det er ok!