For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

No kan du påverke vegvalet for nye Vestland fylke

Fellesnemnda for nye Vestland fylkeskommune ved arbeidsutvalet inviterer til ope dialogmøte 29 april kl. 17-ca kl. 20 på Stord vidaregåande skule, Saghaugen, konsertsalen.

 

Føremålet med møta er å få fram kunnskap og innblikk i utfordringar i ulike delar av det nye fylket, som rører ved Vestland fylkeskommune si rolle som tenesteleverandør og samfunnsutviklar.

 

Agenda:

  • Fylkesordførarane Anne Gine Hestetun og Jenny Følling presenterer visjonane for den nye regionen.
  • Orientering om korleis den nye fylkeskommunen vil bli organisert ved framtidig rådmann Rune Haugsdal.
  • Vi vl få presentert fakta om utviklingstrekk i regionen og resultat av spørreundersøking om utfordringar.
  • Frå lokalt hald kjem det innlegg med innspel om kva som er dei viktigaste tema for felles satsinger framover frå representantar frå kommunane, næringslivet, lag og organisasjonar.
  • Viktigast er at alle kan koma med innspel om kva dei meiner bør prioriterast i ein utviklingsstrategi for fylket (regional planstrategi 2020-2024).

Målgruppa er alle som har synspunkt på kva som bør vera satsingsområde i det nye fylket.

 

Meir om dialogmøta og oppdateringar om nye Vestland fylkeskommune finn de på nettsida www.vlfk.no


Nettside fra Digitalbyrået Arego
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler og ved å fortsette på nettstedet aksepterer du dette. Les vår personvernserklæring
Det er ok!