For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Nær 1 mill til Visit Sunnhordland

IMG_15911002.jpg

Stor jubel hos Visit Sunnhordland!

Hordaland Fylkeskommune har løyvd kr. 924.000 kroner til produktutvikling av reiselivssatsinga i Sunnhordland.

 

Dei siste åra har regionen hatt særskild fokus på utvikling av sykkel og vandring. Gjennom desse prosjekta har ein fått utvikla mange flotte turar i regionen, i overgangen mellom fjell og fjord.

No er tida inne til å sjå på andre produktområder og Visit Sunnhordland har i saman med reiselivsnæringa sett på moglegheiten for fleire og spanande produkt som skal utviklast gjennom prosjektet «Deltakardriven produktutvikling». Her vil vikinghistorie, religionshistorie, kortreist mat, geologi og kystperleriket vera sentralt.

 

Målet med prosjektet er å gjera Sunnhordland som region enda meir synleg for tilreisande og fastbuande!

Me gler oss til å jobba med eksisterande produkt for reiselivsnæringa, samt utvikla nye spanande tiltak som gagnar reiselivet og regionen!


Nettside fra Digitalbyrået Arego
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler og ved å fortsette på nettstedet aksepterer du dette. Les vår personvernserklæring
Det er ok!