For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Ledig stilling som prosjektleiar for Geopark Sunnhordland

GeoProsjektleiar.jpg

Geopark Sunnhordland har fått status som Norsk Geopark, og arbeidet med å utvikla geoparken startar no. I dette ligg blant anna formidling og kompetanseutvikling knytt til hovudkonsepta geologi, landskap, historisk utvinning og kultur. Geoparken er organisert som eit klyngesamarbeid mellom Moster Amfi AS, Sunnhordland Museum, Rosendalstiftinga og Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

Me søkjer etter prosjektleiar i 50% stilling som skal vera med på å utvikla innhald og drift av Geopark Sunnhordland.

 

Me søkjer etter prosjektleiar som blant anna skal:

  • utarbeida innhald i formidling av overordna geologi knytt til geostader
  • vera bindeledd mellom bedriftene og kompetansemiljøa
  • initiera og støtta opp om temagrupper for ulike tiltak som støtter opp under geoparken sine satsingsområde
  • ta initiativ til auka forsking og undervisning innan område samt initiera og støtta nye prosjekt
  • formidla geoparken til ulike målgrupper

Prosjektleiar vil arbeida tett med reiselivssatsinga i regionen gjennom Visitsunnhordland.

 

Me ynskjer ein person med:

  • relevant utdanning på universitets-/høgskulenivå (relevant yrkeserfaring kan kompensera for manglande formell utdanning)
  • god på relasjonsbygging og formidling
  • erfaring frå prosjektarbeid
  • geologikompetanse er eit føremon, men ikkje eit krav.

Arbeidsstad er i Moster Amfi, i tett samarbeid med dei andre klyngemedlemmene.

 

Me kan tilby:

Eit spennande arbeidsmiljø

Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar i Samarbeidsrådet, Gro Jensen Gjerde på tlf 90089150.

 

Søknadsfrist 15 februar: Send søknad med CV til firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no

 

Les meir om Geopark Sunnhordland


Nettside fra Digitalbyrået Arego
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler og ved å fortsette på nettstedet aksepterer du dette. Les vår personvernserklæring
Det er ok!