For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Invitasjon til geoturismeseminar i Moster

Geoturismeseminar

19.-20. september inviterer NGF saman med Norges geologiske undersøkelse og Geopark Sunnhordland til geoturismeseminar.

Sunnhordland er ein mangfaldig region og har ein spanande og unik historie med tanke på geologi. Det er dei siste åra gjort ein innsats for å leggje tilrette og formidla denne historia, men det er framleis mykje å jobba med.

Sunnhordland kan by på en svært variert geologi som er grundig omtalt i fleire geologiske publikasjonar fra 1880 talet og fram til i dag.
Vurdering av moglegheiten for en geopark i Sunnhordland vart bestilt av styret i Samarbeidsrådet for Sunnhordland som resultat av etableringa av Rosendal Steinpark og Steinriket Bømlo.

Det er mange fellestrekk i geologien i Sunnhordlands-kommunane, spesielt på nordsida av Hardangerfjorden, og det kan seiast at det eldste mineralet som er funne i Noreg (zirkon 3,9 mrd år), er funne på Bømlo.

Det er difor eit naturleg val å leggje eit geoturisme seminar til Geopark Sunnhordland samstundes med den offisielle opninga av Moster Amfi, geoparkens hovudportal. 

For meir informasjon og påmelding sjå her


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler og ved å fortsette på nettstedet aksepterer du dette. Les vår personvernserklæring
Det er ok!