For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Går saman for å verta miljøfyrtårnsertifisert!

GroGaute.jpg

Gjennom en Miljøfyrtårn-sertifisering får verksemder konkrete verkty for å gjennomføra effektive og lønsame miljøforbetringar innan områder som arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport, der aktuelle tema som matsvinn og plast er inkludert.

 

Gruppesertifisering og løyving

I Sunnhordland vert arbeidet med å sertifisera kommunane gjennomført som ei gruppesertifisering, og det er første gang Stiftinga Miljøfyrtårn gjennomfører sertifiseringsarbeidet på denne måten.

Dette arbeidet vert difor ein pilot både for Hordaland fylkeskommune, som har løyvd kr. 526 000 til arbeidet og for Stiftinga Miljøfyrtårn.

 

Samarbeidsrådet/Visit Sunnhordland har allereie gjennomført sertifiseringa som ein del av fase 1 i arbeidet mot Merket for berekraftig reisemål og mottok beviset på møte i Samarbeidsrådet 8 november, av Stord ordførar Gaute S. Epland.

 

Stord kommune er den einaste kommunen i Sunnhordland som i dag er miljøfyrtårnsertifisert. Arbeidet med å sertifisera dei andre kommunane er kome godt i gang og skal vera ferdig i juni 2020.

 

Klimaplan

Gjennom arbeidet er Sunnhordland med på å oppfylle mål og strategiar i Klimaplan for Hordaland 2014-2030.

 

Samarbeidsrådet har engasjert Jon Eirik Kvalnes frå Stord kommune som prosjektleiar. Han har stor kunnskap og erfaring frå arbeidet som er og vert lagt ned i Stord kommune


Nettside fra Digitalbyrået Arego
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler og ved å fortsette på nettstedet aksepterer du dette. Les vår personvernserklæring
Det er ok!