For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Årsmøte og reiselivsseminar

Meld deg på Årsmøte og det årlige reiselivsseminaret 13 - 14.mars på Bømlo!
Du kan no melda deg på det årlege reiselivsseminaret som vert arrangert saman med årsmøtet i VisitSunnhordland. Dette er ein arena for fagleg påfyll og inspirasjon, nettverksbygging og gode samtalar! 

Programmet finn du her.

 

13. mars – Moster Amfi

Dagen startar med årsmøte for medlemmer av VisitSunnhordland.

Deretter vert det felles lunsj og god tid til å prate!

Så vert det eit 4 timars inspirasjonsforedrag av Mette Fagerli som heiter SKAP – magiske augeblikk – kor det blir gjennomgang av ulike verktøy som er inspirerande å bruke for å vidareutvikle synlege, lønnsomme og berekraftige mat- og reiselivsopplevingar.

Til slutt ein felles middag i unike omgjevnader på Moster Amfi – med mat inspirert av vikingar og norrøne gudar!

 

14. mars – Bømlo Hotell

Denne dagen blir betre kjent med fleire nyetablerte reiselivsbedrifter og nye medlemmer i VisitSunnhordland. Dei nye reiselivsbedriftene presenterer seg! I tillegg får du høyre om digitale trender og kva det inneber for bedrifta di.

 

Påmelding til reiselivsansvarleg innan 6.mars: linn@visitsunnhordland.no 

  • Informer om du deltar på begge dagane eller berre ein, ved påmelding.
  • Eigendandel for å delta dag 1 og 2: for medlemmer på 950 ,- / ikkje medlemmer 1750 ,-.
  • Frist 6. mars
     

Overnatting under opphaldet

Overnatting under oppholdet ordnar du sjølv. Bømlo Hotell held av 20 rom, så her er det førstemann til mølla! Book direkte hos Bømlo Hotell via e-post: lasse@bomlo-hotell.no.

Frist for booking av rom 6.mars


Nettside fra Digitalbyrået Arego