
Saman for vekst og utvikling i Sunnhordland
Region Sunnhordland
I Sunnhordland finn du nokon av dei fremste aktørane innan grøn omstilling, spanande utdanningstilbod og eit rikt utval innan kultur og idrett.



Kva er Region Sunnhordland?
Region Sunnhordland er eit interkommunalt selskap, eigd av kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Saman utviklar me ein framtidsretta region for fastbuande, tilreisande og framtidige generasjonar.
Under vår paraply finn du regionrådet Sunnhordlandsrådet, bu- og omdømmeprosjektet Bu i Sunnhordland, destinasjonsselskapet Visit Sunnhordland, dotterselskapet UNESCO Geopark Sunnhordland og prosjekt Rein Hardangerfjord.
Sunnhordland og kommunane
Sunnhordland ligg i Vestland fylke, plassert mellom Bergen og Stavanger. Det er 8 kommunar i Sunnhordland.
Kor finn du oss?
Me er samlokaliserte med den regionale næringsutviklingsaktøren Atheno AS og Invest in Sunnhordland. Region Sunnhordland har kontor på Leirvik.
Sunnhordland – ja takk, begge delar!
Her finn du nokon av dei fremste aktørane innan grøn omstilling, spanande utdanningstilbod og eit rikt utval innan kultur og idrett. Er du ein av dei som ikkje klara å velja mellom fjell, fjord, hav og isbre? Vel då er du kommen på rett plass! Her er det kort veg frå storbyimpulsar til di eiga bortgøymde badestrand.
Velkommen til Sunnhordland!
Nyhende frå Region Sunnhordland
Pressemeldingar og nyhende

Årsmøte og reiselivssamling 2025: Ein inspirerande dag på Stangeland Gård
Tysdag 8. april samla reiselivet seg i Sunnhordland til ein engasjerande og inspirerande dag på vakre Stangeland Gård. Dagen starta med ein nydeleg lunsj i landlege omgjevnader, som la til rette for uformell mingling og nettverksbygging. Etterfulgt av årsmøtet for Visit Sunnhordland 2024. Foto: Visit Sunnhordland Vidare arbeid og retning for reiselivet Etter årsmøtet stod […]

Samling for merket for berekraftig reisemål – to dagar med inspirasjon og læring
Visit Sunnhordland deltok denne veka på ei to dagar lang samling i regi av merkeordninga for berekraftige reisemål og nettverk for destinasjonsleiing og berekraftig reisemålsutvikling (NDBR). Arrangementet samla representantar frå ulike destinasjonar for å dele erfaringar og styrkje arbeidet med berekraft i reiselivet. Aase Marthe J. Horrigmo, direktør for reiseliv i Innovasjon Norge opna dagane […]

Kommunane må handle no: Omstilling i helse- og omsorgssektoren
Med ei aldrande befolkning, fleire yngre med hjelpebehov og stadig færre yrkesaktive per pensjonist, må kommunane tenke nytt – og dei må gjere det no.Konferansen kasta lys over sentrale utfordringar i sektoren. Frode Kyrkjebø frå KS Vestland la fram tal som viser at presset på helse- og omsorgstenestene vil auke dramatisk dei neste åra. Kommunane […]
Visste du at Sunnhordland ligg berre 1 times flytur unna Oslo?
Kontakt oss





