For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Regional utvikling

Møtearkiv toppbilde Regional utvikling

Samarbeidsrådet er ein sentral regional utviklingsaktør som skal driva aktiv påverknad for å sikra regionen og den einskilde kommune sine interesser i regionale og nasjonale spørsmål.

 

Vår visjon "Me er framoverlent" skal synleggjera at Sunnhordland er ein sterk og framtidsretta region, som det er interessant å arbeida, ta utdanning og busetja seg i.




utfordringar for sunnhordlandsregionen

Ei stor utfordring ligg i å utvikla ein region som ikkje er sårbar i høve til svingingar i næringsaktivitet og sysselsetjing. Ei anna utfordring er å sørgja for at behovet for ulik kompetanseheving og fornying av kompetanse innanfor den varierte næringsaktiviteten me har i Sunnhordland vert dekka.

 

Dessutan vil det i åra som kjem verta eit stort behov for å fylla på med arbeidskraft i allereie eksisterande verksemder og kommunar etter kvart som dei me no har går over i pensjonistane sine rekkjer.

 

 

Samarbeidsrådet som møteplass og drøftingsorgan

Det vil kontinuerleg dukke opp saker som krev felles drøfting og uttale eller handling frå regionrådet. Det kan vera spørsmål av felles interesse for heile regionen eller spørsmål som er viktig for den einskilde kommune, der ein kan ha nytte av å få regionen med seg.

 

Samarbeidsrådet for Sunnhordland skal vera den ynskja samarbeidspartnaren for kommunane, fylkeskommunen, naboregionar og staten i deira arbeid for ei heilskapleg regional utvikling.

Kontaktperson

NR_0.JPG
Gro Jensen Gjerde
Dagleg leiar

Våre prosjekt

Nyhende

Nettside fra Digitalbyrået Arego