For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Ranveig. M. Nesse

Infrastruktur

577981_519527324800395_458957735_n.jpg Infrastruktur

Arbeidet med å betra samferdselsløysingane internt i regionen og mot omverda er eit langsiktig og krevjande arbeid.

 

Samarbeidsrådet for Sunnhordland har så langt vore ein aktiv pådrivar for å sikra felles regionale prioriteringar innanfor denne sektoren, noko som har resultert i realisering av fleire store og små prosjekt.




samarbeid

Eit prioritert satsingsområde er å utvikle gode samarbeidsprosjekt med fylkeskommunen, naboregionane og næringslivet for å gjera det meir sannsynleg at samferdselsprosjekt i vår region vinn fram i dei nasjonale prioriteringane.

 

Ei brei forankring av arbeidet i Hordaland fylkeskommune er avgjerande for å lukkast.

 


Dei viktigaste samferdselsprosjekta for Sunnhordland:

 

 

Internt i regionen 

    • Arbeida for at påkoplingar mot E39 vert klassifisert som overordna.
    • Arbeide for innkorting av ferjesambandet Kvinnherad - Stord
    • Sikra kopling mot regional plan for kystsona – fareleiar, næringsareal til sjø
    • Arbeida for å auka tilbod og betre kommunikasjon mellom  buss, ferje og hurtigbåt.
    • Arbeida aktivt for å få ei fornying av ferjemateriellet
    • Arbeida aktivt for å sikra gode hurtigbåtforbindelsar i Sunnhordlandsbassenget og til og frå Bergen.

  • Arbeida aktivt for å få ei til ei satsing på biogass som drivstoff på bussar. 

Kontaktperson

NR_0.JPG
Gro Jensen Gjerde
Dagleg leiar

Våre prosjekt

Nyhende

Nettside fra Digitalbyrået Arego