For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Ranveig M. Nesse

Attraktiv buregion

1410877_537270046356710_969859037_o.jpg Attraktiv buregion

Omdømmebygging av Sunnhordland er eit langsiktig arbeid for å styrkja regionen som bu- og arbeidsregion.

 

Samarbeidsrådet for Sunnhordland er ein aktiv pådrivar for rekruttering av nye innbyggjarar og arbeidstakarar til Sunnhordland. Regionen har mykje bra å tilby, men desse kvalitetane er ikkje godt nok kjende. Saman med næringsliv og andre offentlege aktørar har Samarbeidsrådet difor sett i verk eit eige omdømme- og rekrutteringsprosjekt.




Auka kjennskapen til regionen

Eit viktig verktøy i dette arbeidet er mellom anna nettportalen www.buisunnhordland.no der ein også finn ein eigen CV-database for Sunnhordland. I tillegg arrangerer Samarbeidsrådet Sunnhordlandstreff i og utanfor regionen, deltek på messer og andre arrangement.

 

I 2013 vart det også satsa stort på eigen film om regionen, som du finn her - i tillegg til på vår framside. Det er også oppretta eit eige samfunn på Facebook som heiter "Bu i Sunnhordland".

 

For å lukkast med omdømmebygginga er det heilt essensielt at flest mogleg vert med på laget som gode sunnhordlandsambassadørar. Regionen har nærare 60.000 innbyggjarar. Alle desse, saman med næringslivet, er viktige ambassadørar.

 

Samarbeidsrådet inviterer også næringslivet med, slik at dei kan verta økonomiske støttespelarar i omdømmearbeidet.

 

Hovudmålet for prosjektet er å medverka til at Sunnhordland vert oppfatta som ein attraktiv bu- og arbeidsregion for arbeidstakarar, og å gjera det enklare for enkeltverksemdene i regionen å rekruttera arbeidskraft nasjonalt og internasjonalt.

 

 

Styringsgruppa

Styringsgruppa for prosjektet er sett saman på denne måten:

 

Kontaktperson

NR_4.JPG
Anne Synnøve Lønne
Omdømme- og rekrutteringsprosjekt

Nyhende

Nettside fra Digitalbyrået Arego