For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Ranveig M. Nesse

Strandsoneprosjekt

1529741_603380206412360_1750519825_o.jpg Strandsone prosjekt

Hovudføremålet med planarbeidet er å utarbeida ein felles interkommunal plan for strandsona i Sunnhordlandskommunane og Fusa kommune.

 

Den interkommunale planen skal vera det overordna styrande plandokumentet for all arealbruk og forvaltning av areal i strandsona til dei deltakande kommunane. Planen skal visa arealformål og omsynssoner for bruk og vern av areal i strandsona.

 

Forslag til fellesrapport for Interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland og Fusa vert med dette lagt ut på offentleg høyring. Høyringsfrist er sett til 1.oktober 2015.




HØYRING AV FRAMLEGG TIL FELLESRAPPORT

Planarbeidet vert gjennomført på kommuneplannivå som kommunedelplan etter kapittel 11 i Plan- og bygningslova, og omfattar i hovudsak 100-metersbeltet langs sjøen og 50m ut i sjø frå strandlina.

Kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio, Tysnes og Fusa er med i plansamarbeidet.

I denne omgang er det rapporten om fellesdelen som vert sendt på høyring.

 

Stutt om fellesrapporten

Den interkommunale strandsoneplanen for Sunnhordland og Fusa er samansett av ein fellesdel  og kommunedelplanar for kvar kommune. Planarbeidet er forankra i planprogrammet som kommunane tidlegare har godkjent.

Fellesdelen inneheld målsettingar, registreringar med temakart med felles kunnskapsgrunnlag og felles planføresetnader for planarbeidet i kommunane. I fellesdelen ligg også utkast til mal for føresegner som kommunane kan leggja til grunn ved utarbeiding av føresegner til sine kommunedelplanar.

Planen inneheld dei tema/ føremål som er naturleg å ta opp for ein arealplan som omfattar strandsona på eit kommunalt overordna nivå. Det vil her vera særleg aktuelt å sjå på tema som er felles for kommunane når det gjeld bruk og vern av areal i strandsona.

Det er difor gjort registreringar og vurderingar i tilknytning til følgjande tema:

 

  • Friluftsområde, regionale og lokale              
  • Område med spesielle natur- og landskapskvalitetar
  • Sikring av større, viktige frilufts- og landskapsområde
  • Kulturminneområde, kystkultur m.m.
  • Område for næringsutvikling, hamneanlegg, reiselivsanlegg                      
  • Felles båthamner/bryggeanlegg, naustområde, fellesnaust
  • Bustadområde og område for fritidsbustader
  • Fortettingsområde

Planarbeidet har vore gjennomført i nært samarbeid med Fylkesmannen i Hordaland og Hordaland fylkeskommune, særleg har det vore omfattande drøftingar når det gjeld utarbeiding av mal for felles føresegner. Kommunane har ut frå eit perspektiv om lokalt sjølvstyre lagt vekt på å få fram det handlingsrommet som kommunane har innan for dagens planlovverk til å fastsetja ei lokalt tilpassa, balansert og differensiert forvaltning og utvikling av strandsona.   Del to i planarbeidet som omfattar kommunedelplanane, vert utarbeidd av den einskilde kommune og vert den juridiske bindande delen av den interkommunale planen. Desse planane som omfattar konkrete forslag til arealutnytting, og som byggjer på føringar og retningsliner i fellesrapporten, vil kommunane senda på høyring seinare.

 

Høyringsdokument

Høyringsdokument i saka er fellesrapporten «Interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland. Fellesdel. Desse ligg på sida under.  Her finn du og delrapporten om kulturminne, planprogram, tidlegare utgåve (utgåve 01) av fellesrapporten med tilhøyrande høyringsmerknader.

 

Innsending av merknader/kontaktpersonar

Du kan få nærare opplysningar ved å venda deg til Samarbeidsrådet tlf. 53 45 67 90, eller prosjektleiar tlf. 91 00 16 43, e-post to-mbj@online.no   Du kan og venda deg til følgjande kontaktpersonar i kommunane:

Bømlo, tlf. 53 42 30 00, Toralf Meling

Fitjar, tlf. 53 45 85 00, Atle Tornes

Stord, tlf. 53 49 66 00, Ove Kvalnes

Tysnes, tlf. 53 43 71 11, Laila Jane Hope

Fusa, tlf. 56 58 01 00, Helle Holte Bruland

Sveio, tlf. 53 74 80 00, Åse Aleheim

Kvinnherad, tlf. 53 48 31 00, Kjartan Thoresen

Etne, tlf. 53 75 80 00, Erik Kvalheim

Austevoll, tlf. 55 08 10 27, Solveig Alvsaker

 

Eventuelle merknader kan sendast innan 1. oktober 2015 til Samarbeidsrådet for Sunnhordland, postboks 444, 5403 Stord, eller pr e-post til firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no

Dokumenta er og utlagt og kan lesast på Samarbeidsrådet sitt kontor, Borggata 57 på Leirvik og i dei respektive rådhusa/kommunehusa til deltakande kommunar.

 

 

statuskartlegging i 100-metersbeltet

Austevoll kommune

Bømlo kommune
Etne kommune
Fitjar kommune
Kvinnherad kommune
Stord kommune
Sveio kommune
Tysnes kommune

Nyhende

Nettside fra Digitalbyrået Arego