For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Anne Synnøve Lønne

Stord - lokomotiv for vekst og utvikling!

511154-960x561.jpg

Utviklingsprogram for regional vekst i by- og senterregionar

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gjeve melding om at Sunnhordland er kome med i fase 2 i utviklingsprogrammet for byregionar. Det vert oppstart i september 2015.




Sunnhordland vil framstå samla

Samarbeidsrådet gjekk i 2014 inn for at regionen skulle søkje seg inn i prosjektet, med Stord kommune som A eigar. Sunnhordland kom med i programmet i fase 1 med prosjektet ”Byen og regionsenteret Stord – lokomotiv for vekst og utvikling i Sunnhordland?

 

Prosjektet har sett på forholdet mellom regionsenteret – byen Stord – og omlandet.

Gjennom ein målepunkt analyse og ein arbeidsplassanalyse har ein kartlagt samhandlinga mellom Stord og nabokommunane, både nærings- yrkesrelatert og privat/ fritid. Dette har gitt faktabasert grunnlag for strategiar og tiltak innafor dei områda regionen har prioritert.

 

Føremålet med prosjektet er å medverka til ein robust senterstruktur i Sunnhordland, som gir grunnlag for - og legg til rette for god handel, gode og tilgjengelege offentlege og private tenester, rikt kultur –og fritidstilbod, miljøvenleg transport og attraktive og gode lokalsamfunn.

 

Føremålet med fase 2 er at regionen skal koma fram til og iverksetja lokalt forankra strategiar og tiltak innanfor tema/samfunnsområde med utgongspunkt i samhandling mellom byen og omlandet for å fremja økonomisk vekst i regionen.

 

Strategiane er utarbeidd gjennom prosessamlingar og dannar grunnlaget for søknad om å delta i fase 2  Byregionprogrammet:

 

Visjon: 

Byen og regionsenteret Stord- lokomotiv for vekst og utvikling i Sunnhordland!

I fase 1 vart det stilt spørsmål til om Byen og regionsenteret Stord- var lokomotiv for vekst og utvikling i Sunnhordland.  No er visjonen at byen og regionsenteret skal vera det. Difor er spørsmålsteiknet bytta ut med eit utropsteikn.

Strategi 1.   Sunnhordland – kraftsenter for klyngeutvikling

Ved å vidareutvikla eksisterande næringsliv, skapa nye møteplassar på tvers i bransjar og imellom ulike bransjar skal innovasjon og nytenking sikra eksisterande arbeidsplassar og utviklast nye. Strategi 2. Den tette byen

Stord skal utviklast til eit attraktivt senter som det er lett å koma til og ifrå.

Strategi 3. Saman er me sterke

Ved å utvikla tette samarbeidsarenaer skal regionen vidare utviklast til å verta attraktiv for nye innbyggjarar og for dei som alt bur her.

Strategi  4. Kompetanseregionen

Behalda og utvikla kompetansen i regionen.

 

Akvator AS har gjennomført samfunnsanalysen.

Prosjektleiar er Gro Jensen Gjerde

Prosessleiar er Inger Karin Larsen

Nyhende

Nettside fra Digitalbyrået Arego