For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Plan for idrett, friluftsliv og kulturanlegg i Sunnhordland

Den første planen for idrett, friluftsliv og kulturanlegg for Sunnhordland vart utarbeidd i 2001. Seinare har denne blitt rullert og revidert annankvart år (utanom året 2013, då planen vart vidareført til å gjelda ut 2015).

 

Bakgrunnen for at regionen ønskte å få utarbeida "Plan for idrett, friluftsliv og kulturanlegg" var eit ynskje om at kommunane i regionen i større grad kunne samarbeida om defineringa av regionale anlegg, planlegging av nye regionale anlegg og om utviklinga av dei anlegg som vert definert som regionale, slik at ein gjennom samarbeid og felles forståing kan utvikla eit godt utbygd tilbod innan idrett, friluftsliv og kultur.

 

 




Det er eit mål at planen skal utvikla eit samarbeid slik at regionen som heilskap utviklar eit enda betre tilbod til innbyggjarane og tilreisande, skapar ein struktur i satsinga som gjer at utviklinga av regionale anlegg får ein god planmessig utvikling i høve til både breidde i tilboda, behov og grunnlag for etablering.

 

Arbeidet med revidering av planen for perioden 2016-2020 starta 16. november 2015 og vart handsama i møte i Samarbeidsrådet for Sunnhordland 9. desember 2016.

 

Arbeidsgruppa ved revidering av planen for 2016-2020:

Austevoll kommune                       Regina Njåstad Vestrheim

Bømlo kommune                           Elisabeth H. Grønnevik

Etne kommune                               Nils Halleland

Fitjar kommune                              Bente Bjelland

Kvinnherad kommune                   Linda Øen

Stord kommune                             Sylve Rusten

Sveio kommune                             Marit Persen Liknes

Tysnes kommune                          Vibeke Øxnevad Stoltz

 

Friluftsrådet Vest og Bergen og Omland Friluftsråd er invitert inn som observatørar i arbeidsgruppa og har høve til å koma med innspel.

 

Nyhende

Nettside fra Digitalbyrået Arego