For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Marsteinen

Matkultur i Sunnhordland

Garvikosen Bømlo (4).jpg Matkultur i Sunnhordland

Sunnhordland er ein av dei største produsentane av sjømat, med laks som spydspiss internasjonalt.

 

Sunnhordland er ein av dei største produsentane av sjømat, med laks som spydspiss internasjonalt. Regionen har ein stor fiskeflåte og fleire kystfiskarar som leverer eit utval av ulike råvarer. I tillegg har regionen eit landbruk som produserer kjøt, frukt, grønsaker og bær og i utmarka er det mykje vilt av ulike kategoriar.




framifrå grunnlag som matdestinasjon

Sunnhordland er ein av dei største produsentane av sjømat, med laks som spydspiss internasjonalt. Regionen har ein stor fiskeflåte og fleire kystfiskarar som leverer eit utval av ulike råvarer. I tillegg har regionen eit landbruk som produserer kjøt, frukt, grønsaker og bær og i utmarka er det mykje vilt av ulike kategoriar.

 

Dei beste råvarene er på plass, det same er meisterkokkar og andre dugande kokkar. Mange av serveringsstadane serverer kortreist mat, og fleire av desse er i historiske omgjevnader

Dette gjev eit godt grunnlag for å utvikla Sunnhordland som ein spanande matdestinasjon.

 

10 bedrifter har gjennom ein prosess utarbeidd ein strategi og handlingsplan for ei klyngesatsing ”Matfatet Sunnhordland”.

 

 

Med i klynga er:

Marinaden AS, Bømlo

Haaheim Gaard AS, Tysnes

Fitjar Meieri - mat frå Fitjar, Fitjar

Fitjar Sjø og Camping, Fitjar

Opplev Bømlo, Bømlo

Heimalaga AS, Austevoll

Skånevik Fjordhotel, Etne

Ola Dahl Andersen, Stord

Marielle Velde, Sveio

Fitjar Bær, Fitjar

Sunnhordland Havbruk, Sveio

Heimalaga, Austevoll

En liten øl, Fitjar

 

 

Dei som er interessert i å vera med i det vidare arbeidet kan ta kontakt med Gro Jensen Gjerde.

 

Samarbeidsrådet arbeider no med:

  • Mobilisera bedriftane i Sunnhordland til å sjå moglegheiter for produktutvikling ved å nytta lokale råvarer.
  • Formidla kunnskap om lokale råvarer og dei økonomiske og generelle konkurransefortrinna dette kan utgjera for bedriftene.
  • Formidle kompetanse.
  • Fremja bruk av lokale råvarer til å styrke konkurranseevna, nyskaping og utvikling.

 

Nyhende

Nettside fra Digitalbyrået Arego