For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Kompensasjonsordninga for auka arbeidsgivaravgift 2015 og 2016

Det er no opna for at utviklingaktørar, kommunane og større bedrifter kan søke om støtte frå kompensasjonsmidlane til finansiering av næringsretta utviklingstiltak. Ordninga med kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift er vidareført for 2015 og 2016 og gjeld 4 kommunar i Hordaland. Dei fire kommunane er Bømlo, Etne, Kvam og Modalen. Søknadsfristen er 1. juli 2016.




Bømlo, Etne, Kvam og Modalen: Utviklingaktørar, kommunane og større bedrifter kan søkje om støtte frå kompensasjonsmidlane til finansiering av næringsretta utviklingstiltak.

 

Det er no opna for at utviklingaktørar, kommunane og større bedrifter kan søke om støtte frå kompensasjonsmidlane til finansiering av næringsretta utviklingstiltak. Ordninga med kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift er vidareført for 2015 og 2016 og gjeld 4 kommunar i Hordaland. Dei fire kommunane er Bømlo, Etne, Kvam og Modalen. Søknadsfristen er 1. juli 2016.

 

Felles utlysning i 2016

Kommunane fekk innført full arbeidsgivaravgift i 2004 og har sida den gong vore med i ei kompensasjonsordning for den auka i arbeidsgivaravgift. Full arbeidsgivaravgift er 14,1 % av lønnskostnadene, medan den reduserte arbeidsgivaravgifta før 2004 var 10,6 %. Midlane for 2015 og 2016 vert kunngjort med ei felles utlysning i 2016.

 

I 2015 var denne summen på 28,7 mill. kr, men det vart ikkje delt ut midlar i 2015 i vente på revidering og handsaming av nye retningsliner. I 2016 er summen på 14,7 mill. kr. I tillegg kjem renter på unytta midlar frå tidlegare år slik at det totalt er ca. 44,4 mill. kr til disposisjon i 2016. Fylkesutvalet vedtok nye retningsliner for ordninga i 2016, samstundes med at det vart vedteke å gjennomføre ei felles utlysing av midlane for 2015 og 2016.

 

På basis av innkomne søknader, vil ei eiga styringsgruppe, oppretta av fylkeskommunen, som består av ordførarar og næringsleiarar frå dei fire kommunane utarbeide ei utkast til ein samla plan for bruken av kompensasjonsmidlar for 2015 og 2016, inkludert å gjere ei prioritering av kva for prosjekt som skal få støtte og eventuelt kor mykje.

 

Samarbeidsrådet for Sunnhordland er sekretariat for styringsgruppa.

Planen blir sendt til fylkeskommunen, kor fylkesutvalet har ansvaret for endeleg godkjenning av planen. Det er lagt opp til ein framdriftsplan som inneber at planen skal bli handsama i fylkesutvalet hausten 2016.

 

For meir informasjon om kriterier og søknadsprosess, sjå her

Nyhende

Nettside fra Digitalbyrået Arego