For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Geopark Sunnhordland

Steinparken100706KP (1).JPG Geopark Sunnhordland

Sunnhordland er ein mangfaldig region og har ein spanande unik historie knytt til geologi. Det er dei siste åra gjort ein innsats for å tilretteleggja og formidla denne historia, men det er mykje å gripa fatt i.

  

Samarbeidsrådet har gjennomført eit forprosjekt som såg på moglegheitene for å etablera Sunnhordland Geopark. Der vart det gjort vurderingar av kva potensiale som ligg i kvar kommune, og korleis ein kan utvikla regionen tilpassa National Geographic og UNESCO sin definisjon av omgrepet Geopark, der temaa geologi, geografi, kultur og reisemål blir sett i, og marknadsført, i ein samanheng.




ønskjer å kartlegge potensialet

Sunnhordland er ein mangfaldig region og har ein spennande unik historie knytt til geologi. Det er dei siste åra gjort ein innsats for å tilretteleggja og formidla denne historia. Men det er mykje meir å gripa fatt i. Berre i Bømlo er det sju ulike bergarter og mineral som har vore kommersielt utvunne sidan menneska kom hit; Grønstein, Rhyolitt, Kleberstein, Marmor, Svovel-og koparkis, Gull og Granitt. Med bakgrunn i denne historia er ”Steinriket Bømlo” etablert, med Hespriholmen som eit unikt kulturminne for verda som det truleg største attraksjonspotensialet.

 

Steinparken er eit av besøksmåla til Folgefonna Nasjonalpark. Her er steinblokker bearbeidd og samstilt på ein unik måte som viser det geologiske mangfaldet på Folgefonnhalvøya.

På Stord vert det arbeid for å ivareta og tilretteleggja Litlabø Gruver for opplevingar, i Etne er UIB i gang med registreringsarbeid, og det er tilrettelagt for turar til dei unike jettegrytene ved Rullestadjuvet.

Dette er nokre av mange Geopark-tema i Sunnhordland, samt nokre av tiltaka som alt er etablert i Sunnhordland og som me ser som naturlege innslag i ein Geopark.

 

No er prosjektet i ein mellomfase, der ein ser på følgjande:

  • Organisering og drift av eit hovudprosjekt
  • Skissera grunnlag for drift av Sunnhordland Geopark
  • Vitenskapeleg vurdering av geologiske ressursar som er presentert i forprosjektet

I slutten av april var det ei samling med arkeologar og geologar som alle kjenne geologien i Sunnhordland godt, og som saman gjorde ei vurdering på kva som er unikt i Sunnhordland sett ut i frå geologi. På bakgrunn av dette skal Eystein Jansen skriva eit grunnlagsnotat som skal nyttast i det vidare arbeidet. Meir om informasjon om kva Geopark er, finn du her.

Prosjektleiar er Brynjar Stautland.

 

 

Prosjektet tilhøyrer:

Kontaktperson

IMG_6863.jpeg
Brynjar Stautland
Prosjektleiar Geopark

Nyhende

Nettside fra Digitalbyrået Arego