For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

E134 - Aust - vest

E134-knytter-sammen-Sr-Norge.jpg

E134 Haukelivegen er den viktigaste aust - vest korridoren for Haugalandet og Sunnhordland.

 

Samfunnsnytta og verdien med utbetring av E134 er i fyrste omgang at transporten vert raskare, rimelegare og tryggare. Det vert mindre utslepp av klimagassar og regulariteten aukar.

 

Samarbeidsrådet har i sin uttale til NTP sagt følgjande:

 

E 134 Haukelivegen (Korridor 5)

Samarbeidsrådet for Sunnhordland har ved fleire høve peika på at E134 er den viktigaste aust-vest korridoren for Hordaland og Rogaland. Heilskapstenkinga i aust-vest utgreiinga må visa igjen i prioriteringane i NTP. Samarbeidsrådet for Sunnhordland vil særleg peika på desse strekningane:

 

Røldal-Seljestad

Prosjektet inngår i konseptvalutgreiing (KVU) med ekstern kvalitetssikring (KS1) for E134 Haukelifjell, som vart handsama av regjeringa i 2011. Godkjent kommunedelplan i 2008. Godkjent reguleringsplan i løpet av 2016 eller tidleg i 2017.

Prosjektet er i inneverande NTP 2014-2023 prioritert med oppstart i siste seksårsperiode.

Vågsli-Røldal

Prosjektet inngår i konseptvalutgreiing (KVU) med ekstern kvalitetssikring (KS1) for E134 Haukelifjell, som vart handsama av regjeringa i 2011. Godkjent kommunedelplan i 2008. Godkjent reguleringsplan er venta i løpet av 2017.

Prosjektet er i inneverande NTP 2014-2023 prioritert med oppstart i siste seksårsperiode.

Bakka-Solheim

Kommunedelplanar gjennom Etne og Vindafjord kommunar er ferdig utarbeidd, for ei strekning på om lag 40 km.  Prosjektet har vore omtale som eit pilotprosjekt med samanhengande plan gjennom to kommunar og i to fylke.

 

Prosjekta Røldal-Seljestad og Vågsli-Røldal ligg inne som nye prosjekt i alternativet med høg ramme i slutten av NTP-perioden. Bakka-Solheim er ikkje nemnt.

 

Aust-vest utgreiinga viser at samfunnsnytten for E134 Haukelivegen som aust-vest samband, med «arm til Bergen», er særs positiv. Dette må vektleggast, slik at gjennomføring av alle desse tre strekningane vert prioritert opp og sikra så tidleg oppstart som mogleg. Røldal-Seljestad bør vera første byggetrinn og Bakka-Solheim omtalast som nytt prosjekt med planlegging og oppstart i perioden.

 

Samarbeidsrådet ber om at NTP legg inn analyse (KVU) for traséval for «arm til Bergen», slik Statens vegvesen peika på i aust-vest utgreiinga. Geografisk må dette omfatte både Sunnhordlandsdiagonalen (via Etne/Kvinnherad/Tysnes) og Hordalandsdiagonalen (via Odda/Jondal/Kvam).




Eit mål å handsama e134 som eit prosjekt

Samarbeidsrådet meiner at det må vera eit mål at E134 over Haukelifjell må handsamast som eit prosjekt, både planmessig og økonomisk. Anleggsteknisk er det likevel naturleg med ulike byggetrinn. Røldal og Seljestad bør vere fyrste byggetrinn.

 

Regjeringa har signalisert at det skal gjennomførast ei utgreiing på fem ulike trasear aust - vest. dette skal danna grunnlag for val av ein hovudtrase aust - vest. E134 Haukeli er ein av desse traseane.

 

Ferske tall for årsdøgntrafikken på hovedvegane mellom aust og vest syner at E134 Haukelifjell og riksveg 52 Hemsedal er dei klart mest populære alternativa (tala er henta frå vegen og vi)

 

VEG

ÅRSDØGNTRAFIKK

PROSENT

E 134

1400

27

Rv 52 Hemsedal

1230

23,6

Rv 15 Strynefjell

810

15,6

Rv 7 Hardangervidda

760

14,6

E 16 Filefjell

655

12,5

Rv 50 Hol-Aurland

350

6,9

 

Prosjektet tilhøyrer:

Kontaktperson

NR_0.JPG
Gro Jensen Gjerde
Dagleg leiar

Fleire prosjekt

Nyhende

Nettside fra Digitalbyrået Arego