For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Vil ha fortgang i E39 planarbeidet

Realisering av ein ferjefri kyststamveg E39 har vore og er ei sentral arbeidsoppgåve for Samarbeidsrådet for Sunnhordland. Rådet har løfta fram prosjektet i møte med departement, regjering og komitear på Stortinget og andre sentrale aktørar.

 

Ferjefri kyststamveg er heilt sentral i utviklinga av Sunnhordland, Hordaland og resten av Vestlandet. Samarbeidsrådet meiner at fokus no må vera å få fortgang på alt nødvendig planarbeid og sikring av finansiering av prosjektet.

 

Samarbeidsrådet arbeider for at flest mogleg tilførselsvegar til E39 vert klassifisert som overordna. Dette er arbeid som skal gjerast i høve til Regional transportplan. Å avkorta reisetida mellom Kvinnherad og Stord, med fokus på tilknyting til E39 er svært viktig for utvikling av Sunnhordland, det same er traseval over Langenuen. Det er òg viktig å planlegge for fast vegsamband frå Austevoll med påkopling til E39.

 


Nettside fra Digitalbyrået Arego