For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Uttale til Rapport for Stord sjukehus

Samarbeidsrådet for Sunnhordland drøfta i møte 16. september prosjektgruppa sitt arbeid med Prosjekt for Stord sjukehus og har gjort samrøystes vedtak:

 

  • Samarbeidsrådet for Sunnhordland støttar opp om dei tilrådingar som prosjektgruppa samrøystes har kome fram til i sitt arbeid med Prosjekt for Stord sjukehus.
  • Samarbeidsrådet treng ein klar garanti frå den administrative leiinga ved Helse Fonna og Helse Vest for at også desse støttar dei breie prosessane prosjektgruppa legg opp til mellom sjukehusa i føretaket – som skal sikra ei stadig betre grunnlag for utvikling og oppretthalding av akuttfunksjonar – samt stadleg leiing ved sjukehuset på Stord.
  • Utviklinga av Helse Fonna bør følgje dei tilrådde hovudprinsipp gjennom samordna tiltak og integrerande prosessar som skal leia til betre fagleg integrasjon, trygge roller, ein pasientretta arbeids- og funksjonsfordeling som styrkar både helsetenesta i Sunnhordland og Vestlandet elles.

Nettside fra Digitalbyrået Arego