For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Sunnhordland Geopark?

kvisteinpark3.JPG

Er geologien i Sunnhordland unik nok til at regionen kan bli ein UNESCO global geopark? Dette skal ei knippe geologar og arkeologar med god kunnskap om Sunnhordland drøfta 21-22 april.

 

Torsdag 20 april er det synfaring på Bømlo og fredag 21 april er det work shop i Moster Amfi.

 

Deltakarane er:

Prof. John Inge Svendsen, UiB

1. amanuensus Øystein James Jansen, tidl. UiB

Prof. Knut Andreas Bergsvik, UiB

Prof. William Helland-Hansen, UiB

Prof. Rolf Birger Pedersen, UiB

Geolog Jomar Ragnhildstveit, Hfk

Geolog Dag Bering, Oljedirektoratet

Tom Heldahl, avdelingsdirektør NGU

I tillegg møter prosjektleiar i geopark Sunnhordland, Brynjar Stautland og dagleg leiar i Samarbeidsrådet, Gro Jensen GJerde.

 

Øystein Jansen  vil skriva ein uttale frå denne samlinga, som skal svara på om det er grunnlag for Sunnhordland å arbeida vidare for å verta ein del av UNESCO sitt verdsomspennande nettverk.

 

Ein geopark handlar ikkje berre om geologi, men ein global geopark i regi av UNESCO må ha ein geologisk arv som er viktig internasjonalt. Men hensikten med ein geopark er å la samfunnet oppleva samanhengen mellom geologi og resten av området sin natur og kulturarv. Det geologiske mangfaldet kan verta utgangspunkt for naturopplevingar som reiselivet kan ha nytte av.


Nettside fra Digitalbyrået Arego