For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Sommaren gav rekordvekst!

I Sunnhordland har det i sommarmånadane juni, juli og august vore ein auke av gjestedøgn på hotell med heile 18 % samanlikna med fjoråret. Dette utgjer ca. 6500 fleire gjestedøgn. Totalt sett utgjer det 42 438 gjestedøgn. Talet har aldri vore høgare i sommarsesongen!

For hotell er den norske marknaden viktigast, men i sommarsesongen er det dei utanlandske gjestedøgna som prosentvis aukar mest, med heile 62 % . Den største auken ser me kjem frå Polen, Asia, Nederland og USA.

I tillegg ser me at hotella sin losjiomsetnad auka med 26 % i sommarsesongen. Kapasitetsutnytting aukar frå 46 til 56 %, og inntekt per gjest aukar frå 1088 til heile 1445 kr. (Kjelde: SSB)

 

Jamn og god auke frå ferie og fritidsmarknaden

Om ein ser på utviklinga sidan 2010 så aukar tal på gjestedøgn på hotell med heile 66,6 %. Dette utgjer ca. 17 000 fleire gjestedøger i sommarmånadene fordelt på ein 7 års periode.

Ferie og fritidsmarknaden står for størstedelen av denne auken, som har vore ein jamn og god auke i sommarmånadene (juni, juli og august) i perioden 2010 til 2017.

(sjå tabell: Hotell: Overnattingar i alt. 2010 – 2017 og sjå tabell: Hotellovernattingar etter formål juni – august. Kjelde: SSB)

 

Camping- og hyttegrender står for flest utanlandske gjestedøgn

Gjestedøgn på camping- og hyttegrender utgjer 30 752, som er nærmast halvparten av dei totale kommersielle gjestedøgna (73 190) i Sunnhordland i løpet av sommarsesongen.

For camping- og hytteaktørane er den utanlandske marknaden den viktigaste! Av dei 30 752 gjestedøgna er 14 064 av dei norske. Resten, 16 706, er utanlandske gjestedøgn. Den største utanlandske marknadene er Tyskland. Deretter kjem Nederland, Polen, Sverige og Danmark, og Sør Europa.

Fleire melder og tilbake at dei merkar effekt av Trolltungaturistar som reiser i nærområdet for å oppleve meir før eller etter dei har vore på tur til Trolltunga.

Den samla auken for alle kommersielle gjestedøgn både hotell, hytte, camping, bubil utgjer i sommarsesongen for Sunnhordland 2 %. Fjord Norge aukar med 4 % og på landsbasis aukar den med 0,4 %. (Kjelde: SSB)

 

Nyetableringar og utvikling av reiselivsnæringa

Dei siste åra ser me at det stadig vert etablert nye reiselivsaktørar i Sunnhordland! Dette gjeld både innan servering, oppleving, overnatting og transport. Her kan nemnast bla.: Veteranskipet MS Sunnhordland, Port Steingard med kafé, mikrobryggeri og såpekokeri på Fitjar, Gamleposten 5444 på Espevær, Folgefonnsenteret i Rosendal, Rosendal Event i Rosendal, samt fleire nye hytte/rorbu utleige i Sveio. Fleire spennande etableringar er under planlegging.

Fleire av dei etablerte reiselivsaktørane fornyar seg og utvidar kapasiteten både på romkapasitet, meir plass til servering- og konferanserom/fasilitetar! Her kan nemnast bla.: Bekkjarvik gjestgiveri, Mandelhuset, Haaheim Gaard og Almaas Hotell Stord. Dei store festivalane har i år og hatt publikumsrekordar! Dette er eit teikn på at utviklinga av reiselivsnæringa går i rett retning.

 

Gjennom ulike produktutviklingsprosjekt arbeider fleire reiselivsaktørar med å utvikle nye reiselivsprodukt som skal gjera det meir attraktivt å reise til Sunnhordland.

Fleire av dei spanande prosjekta er i regi av Samarbeidsrådet for Sunnhordland. Dette vil skapa ein god regional utvikling av reiselivsnæringa i Sunnhordland framover. Matfatet Sunnhordland, Geopark Sunnhordland og Kystopplevingar i Hordaland for å nemne nokon.

 

Reiseliv – står for ei enorm verdiskaping

 

Med utrekningar frå reiselivsrekneskap for Sunnhordland 2011 viste det den gong at besøkande til Sunnhordland la igjen over 848 millionar kronar til handels- og reiselivsnæringa. Dette er basert på antall besøkande som nytter kommersielle hotell, camping- og hytteutleige, samt privateigde hytter/feriehus og båtturistar.

Sunnhordland er blant dei største regionane i Hordaland på privateigde hytter. På årsbasis er det rekna ut at dei 7219 privateigde hyttene/feriehus i Sunnhordland (som er eigd av folk som bur utanfor Sunnhordlandsregionen) utgjer over 800 000 gjestedøgn. Denne store delen gjestedøgn i private feriehus fører til eit relativ stort forbruk av vanlege forbruksvarer pluss varer og tenester knytt til reparasjonar og vedlikehald på fritidshuset. I tillegg nyttar dei seg av handel, attraksjonar, servering og andre reiselivstilbod. Det må og nemnast at dei nytter hyttene/feriehusa heile året (Reiselivsrekneskap Sunnhordland 2011).

Båtturistar utgjer og ein stor del av dei besøkande til regionen, og er blant dei som legg igjen pengar til spesielt handelsnæringa. Om ein kun ser på dei som utanfrå regionen, legg dei igjen over 20 000 gjestedøgn, og fleire tusen dagsbesøkande i dei mange hamnene om sommaren. Me ser at båthamnene i Sunnhordland er attraktive fordi dei har gode fasilitetar på land, kort veg til butikkar, turstiar, leikeplassar og gode serveringsstader. I tillegg tiltrekker fleire av hamnene seg mange båtturistar med festivalar, enkeltkonsertar og attraksjonar ein kan bruke når det er dårleg vêr!

Det er og registrert fleire hundre Airbnb utleigestader i Sunnhordland. Desse er førebels ikkje registreringspliktige til staten.

 

Ny verdiskapingsanalyse for reiseliv i 2018

Det er viktig å få fram kva verdiskaping reiselivsnæringa har for eit område. Det me veit er at det gjev omsetnad lokalt til mange aktørar både i og utanfor reiselivsbransjen, det skapar arbeidsplassar lokalt og det bidreg til å ivareta lokal historie, kultur og lokale mattradisjonar. Det gir ei enorm verdiskaping til lokalsamfunnet.

Ein ny verdiskapingsanalyse er under utarbeiding av Hordaland Fylkeskommune, og vil gje nye oppdaterte tal for heile Hordaland, og på destinasjonsnivå. For å kunne samanlikna og sjå omfanget av reiselivsnæring samanlikna med andre næringar, må me ha betre analyser som seier noko om omsetnadsbasert verdiskaping. Den nye analysen vil vera klar i 2018!

 

Nytt Sunnhordlandkart 2017– godt motteke! I sommar vart det distribuert ein ny versjon av den tidlegare Sunnhordlandsguiden, som no er blitt eit utbrettskart. Det måtte trykkast opp heile 10 000 fleire eksemplar av det populære utbrettskartet. Her finn du eit stort kart over heile Sunnhordland som fungerer godt for planlegging av kva du ynskjer å gjera når du er på ferie! Her er ein god oversikt over gjestehamner, overnatting, aktivitetar, serveringsbedrifter og attraksjonar i Sunnhordland, alt med nummerering og plassering i kartet! Kartet vil og bli produsert og distribuert i 2018.

Skal vera eit godt orienteringsverktøy for båtturistar.

 

Kartet er og meint som eit orienteringskart for båtturistane, og som ein erstatning for «Båtkart Hordaland» som no er utgått. Me har mange båtturistar i Sunnhordland, og kartet gjev båtturistane ein god oversikt over kva som finst og kva som skjer i nærleiken til dei over 40 gjestehamnene i Sunnhordland!

Sjå kart her: https://www.visitsunnhordland.no/praktisk-informasjon/brosjyrar


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler og ved å fortsette på nettstedet aksepterer du dette. Les vår personvernserklæring
Det er ok!