For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Skeivfordeling i inntektssystemet går utover Stord kommune

Samarbeidsrådet for Sunnhordland ser det som svært urimeleg at kommunar som har fatta positivt vedtak om kommunesamanslåing, innan fristen som var sett til 1 juli, skal verta straffa gjennom utilsikta konsekvensar ved kommunereforma.

 

Samarbeidsrådet for Sunnhordland finn det urimeleg at Stord kommune, som etter reforma må reknast som «ufrivillig små» ikkje får del i det nye regionsentertilskotet. Eit regionsentertilskot må ta utgangspunkt i reelle regionsenter kommunar. Stord kommune har gjennom ei årrekke vore eit vitalt regionsenter for alle kommunane i Sunnhordland, med mange reelle regionsenterfunksjonar. Ein del av kommunane som no får regionsentertilskot kan ikkje skilta med tilsvarande realitetar og dette går me ut frå er ei utilsikta effekt av kommunereforma.

 

Samarbeidsrådet ber om at denne skeivfordelinga vert retta opp så snart som mogleg og at det vert vurdert tiltak allereie før 2018.

 


Nettside fra Digitalbyrået Arego