For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Sjølvtekt av vikarierande fylkesordførar

240417.jpg

Pål Kårbø har ikkje heimel i eige fylkesting når han forsøker å nedprioritere eit av landets viktigaste vegprosjekt, E39 Hordfast. Det er svært uheldig at han òg bryt mangeårig semje om Hordfast og det er eit svik mot det viktige partnarskapet med LO og NHO.

 

E39 Hordfast er eit av landets viktigaste vegprosjekt. Hordfast skal binde saman Vestlandets to største byar, med ferjefritt vegsamband. Dette vil nasjonalt ha svært store og positive ringverknader. E39 Hordfast er regionalt og nasjonalt viktig prosjekt.

 

Vikarierande fylkesordførar Pål Kårbø gjer eit av landets viktigaste samferdsleprosjekt til eit lokalprosjekt. Uttalane til Pål Kårbø er sjølvtekt og ikkje heimla i politiske vedtak, det skapar samstundes utryggleik rundt eit av landets viktigaste samferdsleprosjekt. Det er svært uheldig og stikk i strid med det Hordaland fylkeskommune sjølv har gjort vedtak om. Uttalene til vikarierande fylkesordførar er i strid med vedtak som er gjort i kommunane, og ønskje til næringsliv og innbyggjarar.

 

Ordførarane i Sunnhordland minner vidare om at dette er eit statleg vegprosjekt og ikkje fylkeskommunalt. Fungerande fylkesordførar tar difor på ei seg ei rolle som han ikkje skal eller bør ha. 

 

Ordførarane i Sunnhordland ber Hordaland fylkeskommune snarast følgje eigne vedtak, og sørge for at det viktige samarbeidet med LO og NHO vert gjenoppteke.

 

 

Bilete fv. Ordførar Morten Storebø, Austevoll kommune. Ordførar Harry Herstad, Stord kommune. Ordførar Wenche Tislevoll, Fitjar kommune. Ordførar Kåre Martin Kleppe, Tysnes kommune. Ordførar Jorunn Skåden, Sveio kommune. Ordførar Odd Harald Hovland, Bømlo kommune. Foto: Samarbeidsrådet for Shl.

 

 


Nettside fra Digitalbyrået Arego