For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Seier nei til ruteløyve for privat ferjedrift

Samarbeidsrådet for Sunnhordland handsama i møte 9. desember uttale vedr. søknad om ruteløyve for ferjedrift mellom Sunde og Jektevik.

 

Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner det ikkje bør gjevast ruteløyve for privat ferjedrift mellom Sunde og Jektevik.

 

Samarbeidsrådet for Sunnhordland grunngjev det med at ein saknar ei utgreiing av konsekvensane for noverande ferjesamband Ranavik-Skjersholmane.

 

Samarbeidsrådet for Sunnhordland kan vanskeleg sjå at det er trafikkgrunnlag for å ha to ferjesamband mellom Kvinnherad og Stord.

 

Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner eit samband til på denne strekninga vil svekka grunnlaget for drifta i det eksisterande sambandet Ranavik-Skjersholmane. Det vil vidare skape uro kring pågåande prosjektarbeid med innkorting av ferjesambandet mellom Stord og Kvinnherad i regi av fylkeskommunen.

 


Nettside fra Digitalbyrået Arego