For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Samarbeidsrådet til Oslo 9 og 10 februar

Samarbeidsrådet for Sunnhordland skal til Oslo 9. og 10. februar for å møta ulike departement, Asker kommune og stortingsrepresentantar frå Hordaland, for å fremja regionale saker.

 

9. februar er det planlagt møte med Asker kommune der ein blant anna skal få høyra om korleis Asker kommune har gjennomført  politiske prosesser i arbeidet med innovasjon, frivillighet og folkehelse.

 

Seinare på dagen vert det møte med Hordalandsbenken på Stortinget. Tema for møte er blant anna:

 

  • Nasjonal helse og sjukehusplan
  • E 134 – arm til Bergen 
  • Inntektssystem for kommunar 

 

Onsdag 10 februar skal Samarbeidsrådet i møte med Kommunal- og moderniserings departementet og Samferdselsdepartementet.

 

Tema til møte i Kommunal- og moderniseringsdepartementet:

  • Inntektssystem for kommunar
  • Planarbeid med fylkeskommunen, med særlig vekt på Interkommunal strandsoneplan i Sunnhordland
  • Statleg plan på tverrsamband til E39

 

Tema til møte i Samferdselsdepartementet:

  • Fiskerihamn
  • El-bilar
  • Ferjeanbod
  • E134 – arm til Bergen
  • Statleg plan på tverrsamband til E39

Nettside fra Digitalbyrået Arego