For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Samarbeidsrådet ønskjer Regional kystsoneplan utsett

Samarbeidsrådet viser til kommunane sine einskilde uttaler, der det kan slås fast at ikkje alle kommunar ser seg tent med planen. I seg sjølv bør det gje grunnlag for ei grundig sluttvurdering av om planen har oppfylt føremåla som opphavleg låg til grunn.

 

Planen er heimla i kap. 8 i PBL og legg opp til at den ikkje er juridisk bindande. Planen skal likevel leggjast til grunn i kommunane si planlegging og også nyttast av statlege mynde i vurdering av spørsmål om motsegn. Planen vil såleis vera bindande for vidare planlegging og har såleis i alle fall ei indirekte rettskraft.  Det er særleg arealplankartet, og kor sterkt bindande dette er, som har gjort fleire kommunar i regionen urolege. Ut i frå plankartet er det frå ulike kommunar uttrykt uro for at  verneområda er for store og omfattande, og at dette vil kunna hindra utvikling både på land og sjø for næringsliv og innbyggjarar. I samband med handsaming av planen bør det gjerast ei nærare vurdering av samfunnseffektar innanfor arealsone landskap, det bør særskilt gjerast vurdering på dei avgrensingar bruk av arealsone landskap gjev for framtidig planlegging på kommunane sin landareal. Det bør også gjerast ei vurdering på vidare presisering av arealsone landskap inn i dei ulike undergruppene som føl teiknereglane for regionale planar, ved å presisera dette gjer det betre rom for vurdering av avbøtande tiltak med vidare.

 

Akvakultur

Havbruksnæringa er eit nasjonalt satsingsområde, og det er eit mål for styresmaktene si side at det skal leggjast til rette for best mogleg vekst i næringa innanfor ei ramme av økonomisk, sosial og miljømessig berekraft. Dette inneber også at ein i forvaltninga må ta omsyn til både oppdrett og villaks.

 

Det er kjent at det er venta større endringar som kan påverka bruk av areal i sjø:

 

  • Styresmaktene har vedteke å innføra ny sonestruktur for mogleg vekst som vil ha innverknad på heile næringa i planområdet,
  • Marin verneplan hadde høyringsfrist 2. mai, og utstrekninga og marine verneområder er uklart
  • Mattilsynet sine avstandskrav er under utgreiing
  • Kunnskapsdepartementet har under utarbeiding ein vegleiar for planarbeid i sjø.

 

Det er uheldig å utarbeida ein kystsoneplan som ikkje er basert på erfaringar frå den nye soneinndelinga, og også avstandskrava frå Mattilsynet kan føra til endringar ein no ikkje ser.

 

Planen legg fast dei areala som i dag er avsett til akvakultur, men tek ikkje omsyn til at det er kommunar som enno ikkje har avsett nye areal, men kan ha eit potensiale for dette. Ei fastlåsing av areal på dette nivået gjer at desse kommunane ikkje får utnytta sitt areal for akvakultur. Når det i tillegg vert opprett arealsoner som tek bort areal, vert det svært vanskeleg å oppretthalda aktiviteten og utvikla nye områder, også for eksisterande artar og teknologi.

 

Dersom ein eksisterande lokalitet vert liggjande i ei arealsone, må ikkje dette vera til hinder for at lokaliteten kan utviklast eller flyttast innanfor arealsona.

 

Strandsone

Då KURE hadde Interkommunal strandsoneplan til høyring 1. oktober 2015 gjorde dei følgjande vedtak:

  1. Framlegg til Interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland er eit omfattande og viktig arbeid som vil vera eit godt reiskap for kommunal planlegging.
  2. Hordaland fylkeskommune rår til at strandsoneplanen vert vedteken slik han ligg føre.
  3. Framlegg til Regional kystsoneplan er ikkje i samsvar med Interkommunal strandsoneplan.  I prosessen vidare bør dei to planarbeida sameinast slik at strandsoneplanen vert styrande vert styrande for kystsoneplanen i kapitlet som omhandlar strandsona. Dersom det ikkje er mogleg, må kapitlet om strandsona takast ut av kystsoneplanen.
  4. Varig verna kulturminne er del av dei enkelte kommunane sine kulturminneplanar. Strandsoneplanen må som alle kommunale planar, ta omsyn til varig verna kulturminne og fastsette vernesonar.

Etter høyringsrunden er det blitt meir samsvar mellom planane, men det er likevel store sprik på heilt sentrale spørsmål. Det må difor stillast spørsmål om ikkje dette er grunn nok til å utsetja planen.

 

Planen  gjeld bruk og forvaltning av areal i Sunnhordland. Difor bør Sunnhordland verta høyrt i sin argumentasjon for at Kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger ikkje vert godkjent før følgjande avklaringar er gjort:

 

  • Konsekvenser for ny sonestruktur og marin verneplan mm.
  • Føresegner for Interkommunal strandsoneplan er godkjent.
  • Planen sikra at Sunnhordland kan ta del i forventa vekst i havbruksnæringa.
  • Det må gjerast ei nærare konsekvensvurdering av samfunnseffektar som følgjer bruk av arealsone landskap.

Nettside fra Digitalbyrået Arego