For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Samarbeidsrådet kritisk til skulebruksplan for Hordaland

Samarbeidsrådet for Sunnhordland skriv i sin uttale at ein har forståing for at Hordaland fylkeskommune vurderer skule – og tilbodsstrukturen med jamne mellomrom, både ut frå økonomiske og skulefaglege perspektiv  og vurderingar. Samarbeidsrådet meiner likevel at planen legg for stor vekt på sentralisering og har ikkje noko med om verdien av ein desentralisert skulestruktur. Samarbeidsrådet for Sunnhordland vil peike på at dei tilrådde endringane utfordrar viktige føremon som dagens skulestruktur har, blant anna med omsyn til nærleiken mellom dei vidaregåande skulane, og næringsliv og arbeidsmarknad. Det er også viktig å understreke at sunnhordlandsdistriktet berre har eit fåtal vidaregåande skular og at desse, på mange parametre, er svært velfungerande og gode skular.

 

Ei sentralisering vil kunna påverka busetjingsmønster og elevane si tilknyting til heimstaden. Ikkje minst den gode tilknytinga ein i dag har til lokalt arbeidsliv . Dette vil igjen kunna påverka framtidige val av arbeidsplassar. Ei slik sentralisering vil og føra til auka transportbehov og gå ut over elevane sine fritidsaktivitetar.

 

Føremon ved nedlegging blir gjort greie for i framlegg til ny skulebruksplan, men det er ein veikskap ved framlegget at ikkje viktige ulemper ved nedlegging og samanslåing av skular i distrikta er vurdert. 

 

Planen har for liten vekt på kva som skal til for å skapa ein god skule og eit godt tilbod til elevane, når den ikkje inneheld kriterier som kvalitet, trivnad, fullføring/gjennomføringsgrad og læring.

 

Nedlegging av Fitjar, Rubbestadneset og Etne vidaregåande skular er eit omfattande og stort grep for regionen, som Samarbeidsrådet ikkje kan gje si tilslutning til. Det vil få store konsekvensar for elevar, kompetansearbeidsplassar og lokalsamfunn, som vil svekka enkelte kommunar spesielt og regionen generelt. Skulane som er føreslått nedlagde, leverer godt på læringsutbyte og fullføring. Dei føl opp elevane tett, scorar høgt på trivsel, elevane unngår i stor grad å flytta på hybel dersom dei ikkje ynskjer det. Dei har nær og god kontakt med næringsliv og lokalsamfunn, og framhevar dette som viktig for å skapa dei gode resultata som skulane kan visa til.

Samarbeidsrådet kan ikkje stille seg bak nedlegging av Fitjar vidaregåande skule, og meiner at Fitjar bør styrkast med utdanningsprogrammet kunst, design og arkitektur (KDA), som ikkje finst i regionen i dag. Samarbeidsrådet kan støtta at det vert vurdert vidare om oppbygging av ein vidaregåande skule på Bømlo er tenleg, - føresett det same tilbodet som i dag, slik vedtaket i Fylkestinget 13. mars 2013 legg opp til. Samarbeidsrådet kan støtta at prosessen mellom Etne og Ølen vidaregåande skular, med etablering av ei felles leiing, vert tatt opp att og fullført, utan nedlegging av skulen i Etne. Etne og Ølen vil då til saman ha om lag 460 elevar, utan nye investeringar i bygningar. Ein samanslått skule Ølen/Etne vil gje tilbod om 5 yrkesfaglege utdanningsvegar og 2 ulike studietilbod som gjev studiespesialisering. I tillegg vil det bli gjeve tilbod om påbygging til generell studiekompetanse og påbygg 23 for elevar med fagbrev.

Det vil gje eit godt tilbod til elevane i Sunnhordlandsregionen, gje god utnytting av investeringar som er gjort, oppretthalde kompetansearbeidsplassar i distriktet, styrka regionen, kommunane og lokalsamfunna.

 

Samarbeidsrådet vil peika på at det er vanskeleg å sjå kor overkapasiteten av elevplasser i Sunnhordland kjem frå. Skriv den seg frå forslag og vedtak som vart gjort i 2012, og som ikkje er gjennomført, eller er det ein reell overkapasitet på dei skulane som vert drivne i Sunnhordland i dag?

Det må også i framtida budsjetterast med ein viss overkapasitet av skuleplassar, dersom ein ynskjer at flest mogleg elevar skal få 1. valet sitt og gå på nærskulen sin. Dette er også viktige element for å unngå fråfall.

 

Her kan du lese heile uttalen.


Nettside fra Digitalbyrået Arego