For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Samarbeidsrådet har sendt kommentarer til fleirtalskollisjonen sitt framlegg til skulebruksplan

Samarbeidsrådet for Sunnhordland drøfta i sitt møte 16.10 fleirtalskoalisjonen i fylkesutvalet sin avtale/framlegg til skulebruksplan, og konsekvensane for dei vidaregåande skulane i Etne, Fitjar og Rubbestadneset, dersom framlegget vert ståande.

 

Samarbeidsrådet kan sjå at det er fleire positive signal i innstillinga, og er nøgde med at Fitjar vidaregåande skule ikkje vert lagt ned. For Fitjar vgs. er det i avtalen eit tilleggspunkt, der ein skal vurdera å flytta påbygg-klassane til Stord. Ein reduksjon på ca. 60 elevar, frå 250 til ca. 190 elevar.  Dette gjer oss svært uroa. For at skulen skal ha ei god utvikling, vera robust, ha gode og sterke fagmiljø, treng ein dei utdanningsløpa ein har i dag.

 

Ved å flytta påbygg til Stord vil ein utarma og svekka skulen betydeleg. Dette vil svekka fagmiljøa og rekrutteringa til skulen i viktige fag. Me fryktar elevtalet på Fitjar vgs då vil verta så redusert at dette vil kunne vera første steg på avvikling av skulen. Den økonomiske innsparinga vil vera svært avgrensa, leigekostnadane for to klasserom på FKIB er i underkant av kr. 100.000,-. 

Samarbeidsrådet er positiv til at skulane på Bømlo vert slått saman til ein skule, men ein vil understreka at dersom ein samanslått skule inneber reduksjonar i dagens fagtilbod ved dei to skulane, så er det ikkje ei akseptabel løysing .

 

Ein føresetnad har heile tida vore at det samla fagtilbodet ved skulane vert oppretthalde eller styrka og vidareført ved den nye skulen. Ein ny samanslått skule med eksisterande og nye fagtilbod vil krevja investeringar i nybygg/påbygg uansett kva for ei lokalisering ein vel på Bømlo, også om det skal gjennomførast eit pilotprosjekt. Det går ikkje klart fram av framlegget at dagens fagtilbod vert oppretthalde. Det går heller ikkje fram når ein skal gjera dei investeringar som er naudsynte for å få til ei samlokalisering på Bømlo med same studietilbod som i dag.

 

Samarbeidsrådet er positiv til at det vert lagt opp til eit pilotprosjekt og legg til grunn at kommunen og næringslivet, spesielt industrien, får jobba tett saman med Hordaland fylkeskommune for å utforma og utvikla dette prosjektet. Ein føresetnad for at prosjektet skal lukkast er at skule, næringsliv og elevar vert gitt gode nok rammer.

 

Samarbeidsrådet kan ikkje støtta framlegg om nedlegging av Etne vidaregåande skule. Rogaland ynskjer ikkje felles administrasjon Etne/Ølen der bygningsmassen og aktiviteten blir vidareført. Fylkeskommunen etablerte i 2002 ny skule i Etne og flytta i 2012 inn i det store, flotte Skakke senteret, senter for skule, idrett og kultur. Eit unikt samarbeidsprosjekt for utvikling i distriktet. Viktigheten av Etne vidaregåande skule sitt tilbod og den gode kvaliteten i det, kjem fram av høyringssvaret frå Samarbeidsrådet.

Samarbeidsrådet ser at ei eventuell nedlegging vil ramma ein liten kommune hardt. 23 kompetansearbeidsplasser forsvinn. I tillegg set ein det unike kulturhussamarbeidet i store økonomiske vanskar ved at ein vil mista daglege driftsinntekter. Hordaland har vore med på satsinga i 5 år, ei nedlegging no vil vera for kortsiktige og vil kunna setja tilbodet i spel. Tala for innsparing må på bordet som grunnlag for eit vedtak.

 

I planen vert det lagt opp til å flytta Service og samferdsle frå Bømlo til Stord. Samarbeidsrådet meiner at dette er ei feil utvikling. Det same med flytting av påbyggklassen ved Fitjar vidaregåande. I tillegg er Stord vg. skule ikkje rusta til å ta i mot så mange elevar.

 

Fylkeskommunen har fleire prosjekt i regi av opplæringsavdelinga som vedkjem kvalitet i opplæringa, der kampen mot fråfall har stort fokus. I regional planstrategi under «Eit inkluderande samfunn» er ein av strategiane å betre trivsel og kvalitet i grunnskule og vidaregåande skule for å auka gjennomføringa. Både Etne, Bømlo og Fitjar vgs. har svært gode måltal på å hindra fråfall. 


Nettside fra Digitalbyrået Arego