For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Samarbeidsrådet går for ein Vestlandsregion!

Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner at ein Vestlandsregion med Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane er den mest framtidsretta løysinga for Vestlandet.

 

For Haugaland og Sunnhordland vil ein felles Vestlandsregion vera viktig for utvikling av blant anna næringsklyngene innan maritim og marin sektor, energi, reiseliv, shipping, Vestlandshøgskulen, Helse Fonna, utvikling av infrastruktur og felles kommunikasjon. Det ligg forventningar om å vidareutvikla dette og at Haugalandet og Sunnhordland blir samla i ein region. Dersom ein Vestlandsregion ikkje blir realisert, kan eit alternativ  vera at grensa vert sett i Boknafjorden.

                              

Samarbeidsrådet ber fylkestinget om å arbeida for at Sunnhordland framleis skal høyra til Hordaland, dersom ein ikkje vert samde om ein Vestlandsregion, med Rogaland og Sogn og Fjordane.

 

Samarbeidsrådet for Sunnhordland kan ikkje godta ei løysing der Rogaland vert utvida med kommunane i Sunnhordland som høyrer til Sør Vest politidistrikt. Denne løysinga er inga reform, men ei grensejustering som ikkje tek høgde for ein sterk region.

 

Samarbeidsrådet for Sunnhordland  ber om at Vestlandsregionen støttar opp om det nynorske språket når den nye regionen skal skipast, ved at:

  • Staten skal bruke nynorsk i sin skriftlege kommunikasjon med regionen
  • Regionen skal ha nynorsk som administrasjonsspråk
  • Det skal utarbeidast eigne språkreglar for tilsette, som tek vare på dei språklege rettane for private rettssubjekt (personar, bedrifter, organisasjonar, institusjonar)
  • Regionen skal vere eit føredøme for klart språk i offentleg forvaltning

Samarbeidsrådet merkjer seg at oppgåvedelinga i reforma synes noko skeiv i den nye regionen. Samarbeidsrådet føreset at dette vert handsama godt i den vidare handsaminga gjennom fellesnemnda.

 

Samarbeidsrådet føreset at staten tilpassar si regionale rolle til den nye regionen.

 

Samarbeidsrådet ber til slutt om at regionråda vert nytta aktivt som medspelarar i den vidare reformprosessen.

 


Nettside fra Digitalbyrået Arego