For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Samarbeidsrådet for Sunnhordland har fått nye midlar til oppstart av ny fagskuleklasse

Hordaland fylkeskommune har gjennom Opplæringsavdelinga og Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland løyvd til saman kr. 4 440 000 til oppstart av ny fagskuleklasse i Sunnhordland hausten 2017. Dette er det femte kullet fylkeskommunen har løyvd midlar til.

 

I januar 2016 sette HSH i gang forkurs for fagteknikarar. Kurset gav kandidatane naudsynte kvalifikasjonar i matematikk og fysikk for opptak på ingeniørutdanning ved same institusjon. HSH, no Høgskulen på Vestlandet, har starta opp to-årig ingeniørutdanning innan både maskin og elektro. Dette gjer det lokale utdanningsystemet komplett frå fagteknikar til ingeniør.

 

 


Nettside fra Digitalbyrået Arego