For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Regionreforma

Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner at ein Vestlandsregion med Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane framleis er den mest framtidsretta løysinga for Vestlandet.

 

Når no Rogaland har valt å seia nei, er det viktig for Samarbeidsrådet for Sunnhordland å presisera at ein ikkje kan godta ei løysing der Rogaland vert utvida med kommunane i Sunnhordland som høyrer til Sør Vest politidistrikt.

 

For Haugaland og Sunnhordland vil ein felles Vestlandsregion vera viktig for utvikling av blant anna næringsklyngene innan maritim og marin sektor, energi, reiseliv, shipping, Vestlandshøgskulen, Helse Fonna, utvikling av infrastruktur og felles kommunikasjon. Det ligg forventningar om å vidareutvikla dette og at Haugalandet og Sunnhordland blir samla i ein region. Dersom ein Vestlandsregion ikkje blir realisert, kan eit alternativ vera at grensa vert sett i Boknafjorden.

                              


Nettside fra Digitalbyrået Arego