For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Krev innkorting av ferjesambandet mellom Kvinnherad og Stord

Samarbeidsrådet for Sunnhordland drøfta i møte 9. desember ferjesambandet Kvinnherad-Stord. Samarbeidsrådet gjorde i møte følgjande vedtak:

  1. Samarbeidsrådet syner til konklusjonane frå prosjektgruppa vedkomande nytt ferjesamband Ranavik-Djupavikjo, og konstaterer at dette prosjektet ikkje vert vidareført, då ein ikkje fekk midlar til ein god heilskapleg løysing.
  2. Samarbeidsrådet vil på nytt understreka betydninga av ei effektiv innkorting av reisetid mellom Husnes og Leirvik, og krev difor ein snarleg plan for å løysa dei regionale utfordringane som er knytt til dagens situasjon.
  3. Samarbeidsrådet er særs oppteken av å leggje tilrette for god kommunikasjon inn mot regionsenteret Leirvik, og er uroa over at viktige regionale funksjonar knytt til sjukehus, handel, sorenskrivar, høgskule o.a er trua som følgje av eit dårleg ferjesamband Stord-Kvinnherad.

Nettside fra Digitalbyrået Arego