For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Kongeparet skal få servert mat frå Sunnhordland

I høve Kongeparet si markering som regent i 25 år er alle regionane i Hordaland invitert til å ha eigen standplass på hagefesten på Gamlehaugen 25. juni, der ein skal servera mat frå regionane. 

Maten skal væra «fingermat» og dei 350 gjestene får utlevert eit trefat, med inngravert ei helsing. Denne skal gjestene bruka som tallerken og gå rundt på dei ulike regionane og smakar på deira rettar. Trefjøla er ei gåve, som gjestene kan ta med seg heim.

 

Samarbeidsrådet for Sunnhordland v/Matfatet Sunnhordland har fått utfordringa med å sette saman menyen frå Sunnhordland. Følgjande rettar vil verta servert:

  1. Snøkrabbe servert i form av salat m/tang som garnityr - Anne Hauge, ”Heimelaga ”- Austevoll
  2. Kvit modna geitost, Myrdal gard – Tysnes. Garnityr; Honning frå ” Snill Bie” - Bømlo
  3. Fenalår av villsau, Jan Sigve Særsten, Bømlo
  4. Lubbesild – Kystlaget Sveio v/ Ruth Eriksen - Sveio Poteter frå Fitjar – Lars Ove Rimmereid - Fitjar Ramsløkflatbrød : Solveig Thomassen  - Fitjar
  5. Fitjarpølse råvare: Angus – gris – ramsløk. Råvarer frå Fitjar
  6. Potetkaker/lefse – Etne.

Anne Hauge frå firmaet Heimelaga i Austevoll vil fortelje Kongeparet om mattradisjonane i Sunnhordland.


Nettside fra Digitalbyrået Arego