For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Felles formannskapsmøte i Sunnhordland

Fredag 10 .mars vert det felles møte mellom formannskapa i Sunnhordland.

 

Det er tre saker på agendaen denne dagen. Først ut er Fylkesmann Lars Sponheim som vil halda innlegget "Kva no Sunnhordland - tankar etter kommunereformarbeidet".

 

Vidare vil Samferdselssjef Håkon Rasmussen gje formannskapa ei orientering om Regional transportplan og arbeidet med ferjeanboda.

 

Siste sak har ein kalla "Saman er me sterke!". Her ønskjer ein å få fram områder kommunane bør samarbeida tettare om, for å få til ei ønska regional utvikling. Dette blir endå viktigare no når kommunane har sagt nei til kommunesamanslåing.

 

 


Nettside fra Digitalbyrået Arego