For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Ber Finansdepartementet revurdere Skatt vest sitt framlegg til ny kontorstruktur for Hordaland

Samarbeidsrådet for Sunnhordland drøfta i møte 16 september ny kontorstruktur i skatteetaten og har oversendt følgjande uttale til Finansdepartementet:

 

Samarbeidsrådet for Sunnhordland har forståing for at den teknologiske utviklinga, med meir nettbasert kontakt med publikum, auka faglege krav og reduserte budsjett medføre behov for omstilling, og at dette igjen føre til at etaten må vurdere kontorstrukturen.

 

Samarbeidsrådet for Sunnhordland stiller seg likevel undrande til framlegg til ny kontorstruktur i Hordaland, der det er føreslege fire kontor, som alle ligg nord for Bjørnafjorden.

Dette gjer at ein industriregion som Sunnhordland ikkje får oppretthalde eit eige kontor.

 

Sunnhordland har eit dynamisk næringsliv som er kjent for høg verdiskaping og med internasjonal orientering. Bedriftene har til tider behov for eitt betydeleg antall utanlandske arbeidstakarar, som jamleg har behov for å oppsøkja skattekontor.

 

Ut i frå at Skatteetaten står ovanfor nye utfordringar, og skal  vera tettare på næringslivet for blant anna å jobba mot arbeidsmarknadskriminalitet må det vera eit stort føremon å ha eit kontor i ein industriregion som Sunnhordland.

 

Samarbeidsrådet kan difor ikkje akseptera at skattekontoret på Stord vert avvikla og ber om at departementet revurdere Skatt vest sitt framlegg til ny kontorstruktur for Hordaland.


Nettside fra Digitalbyrået Arego