For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Toppbilete: Samarbeidsrådet

Nyhende

  • 17 okt.
    2017

    Sommaren gav rekordvekst!

    I Sunnhordland har det i sommarmånadane juni, juli og august vore ein auke av gjestedøgn på hotell med heile 18 % samanlikna med fjoråret.

  • 10 okt.
    2017

    Bussen i Sunnhordlandsbassenget

    Samarbeidsrådet har starta arbeidet med å utarbeida ein strategi for eit betre hurtigbåttilbod i Sunnhordlandsbassenget.

  • 17 aug.
    2017

    Ferjesambandet Kvinnherad-Stord er svært viktig for bedriftene!

    Infrastruktur er eit sentralt temaområde i diskusjonen kring kva som skaper regional vekst, og er kanskje den enkeltfaktoren som kan ha størst innverknad på folketalsutvikling og sysselsetjing i dei fleste kommunane. Sunnhordland har med sitt øy- og fjordlandskap store utfordringar når det gjeld infrastruktur og kommunikasjonar, både når det gjeld vegnett og vegstandard på land og sjøtransport med ferje og hurtigbåtsamband.

     

    Er sambandet Kvinnherad – Stord ein flaskehals for sterkare regional integrasjon av arbeidsmarknaden, noko som i neste omgang kan medverka til at ein ikkje får full effekt av det vekstpotensialet som regionen har?

     

    Med bakgrunn i dette spørsmålet har Samarbeidsrådet for Sunnhordland i samarbeid med Stord Næringsråd og Kvinnherad Næringsservice gjennomført ei undersøking blant næringsliv og offentlege institusjonar for sjå om det er behov og ynskje for å få på plass eit nytt ferjesamband mellom Kvinnherad og Stord.

     

     

Nettside fra Digitalbyrået Arego