For å endre tekststørrelsen, hold Ctrl/Cmd-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske

Foto: Bjørn Østrem

Velkomen!

Samarbeidsrådet for Sunnhordland er regionrådet for kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.
64578 Innbyggarar
2 860 KM² Samla areal
50% Fjellområder over 300 moh
8 Kommunar

Våre prosjekt

Me er framoverlente!

front.article.picture.png

Samarbeidsrådet er ein sentral regional utviklingsaktør som skal driva aktiv påverknad for å sikra regionen og den einskilde kommune sine interesser i regionale og nasjonale spørsmål.

 

Vår visjon "Me er framoverlente" skal synleggjera at Sunnhordland er ein sterk og framtidsretta region, som det er interessant å arbeida, ta utdanning og busetja seg i.

Foto: Ranveig M. Nesse

Nyhende

  • 22 sep.
    2016

    Vil ha fortgang i E39 planarbeidet

    Ferjefri kyststamveg er heilt sentral i utviklinga av Sunnhordland, Hordaland og resten av Vestlandet. Samarbeidsrådet meiner at fokus no må vera å få fortgang på alt nødvendig planarbeid og sikring av finansiering av prosjektet.

  • 22 sep.
    2016

    Samarbeidsrådet har sendt kommentarer til fleirtalskollisjonen sitt framlegg til skulebruksplan

    Samarbeidsrådet for Sunnhordland drøfta i sitt møte 16.10 fleirtalskoalisjonen i fylkesutvalet sin avtale/framlegg til skulebruksplan, og konsekvensane for dei vidaregåande skulane i Etne, Fitjar og Rubbestadneset, dersom framlegget vert ståande. På bakgrunn av dette er det sendt ein uttale/merknader frå Samarbeidsrådet.

     

  • 21 sep.
    2016

    Ber Finansdepartementet revurdere Skatt vest sitt framlegg til ny kontorstruktur for Hordaland

    Samarbeidsrådet for Sunnhordland stiller seg undrande til framlegg til ny kontorstruktur i skattetaten, der det er føreslege fire kontor i Hordaland, som alle ligg nord for Bjørnafjorden.

    Dette gjer at ein industriregion som Sunnhordland ikkje får oppretthalde eit eige kontor. Samarbeidsrådet har difor sendt uttale til Finansdepartementet der ein ber departementet revurdere Skatt vest sitt framlegg til ny kontorstruktur for Hordaland.

Nettside fra Digitalbyrået Arego